Investorane i industri-konsernet Endúr har hatt ein god start på 2023.
Ved børsens stengetid i dag var kursen opp 12,03 prosent samanlikna med sluttkurs i går. Hittil i år har aksjekursen i selskapet stige 38,42 prosent og samanlikna med for 12 månadar sidan er kursen opp 62,38 prosent.
Artikkelen er oppdatert etter at børshandelen er over i dag.
I januar 2021 vart ingeniør- og prosjekteringselskapet Artec Aqua i Ålesund ein del av Endúr-konsernet, i eit transaksjon der Artec Aqua-grunnleggarane vart største eigarar i Endúr.
Då var kursen like under 60 kroner. Like etter steig kursen opp til 75,50 kroner, før den fall i rykk og napp ned til 20 kroner aksjen 10. mai 2022. Deretter har trenden vore positiv for Endúr-eigarane.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Endúr | 47,74 | 12,03 % |
Arctic Bioscience | 11,55 | 10,53 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,75 | 8,38 % |
Havila Shipping | 16,98 | 6,79 % |
Hav Group | 11,70 | 5,79 % |
Hexagon Composites | 36,84 | 3,08 % |
Statt Torsk | 1,23 | 2,50 % |
Hofseth Biocare | 2,92 | 2,34 % |
Sparebanken Møre | 85,00 | 2,03 % |
Salmon Evolution | 8,03 | 2,03 % |
Hexagon Purus | 27,34 | 1,48 % |
Norva 24* | 30,02 | 0,07 % |
Nortel | 26,20 | 0,00 % |
Havila Kystruten | 9,98 | -2,16 % |
Atlantic Sapphire | 6,51 | -3,34 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,20 | -4,00 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 14.03.2023 14:55
Sist oppdatert: 14.03.2023 16:48