Nytt
Børshopp for Hexagon Purus
Opp 2,2 milliardar kroner i verdi rett etter børsopning.
14.12.2020
Ved kapitalutvidinga før børsnotering vart ein aksje i Hexagon Purus prisa til 27,30 kroner, som verdsette heile selskapet til 6,3 milliardar.
Like etter Oslo Børs opna handelen klokka 09:00 vart den første handelen gjort. Klokka 09:11 er kursen 35,95 kroner pr. aksje, som prisar selskapet til 8,5 milliardar kroner.
Ein av grunnane til at Hexagon Composites skilde ut Hexagon Purus var å få fram verdiane i hydrogensatsinga.
Medan Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av naturgass som drivstoff og energikjelde, gjer Hexagon Purus tilsvarande for bruk av hydrogen.
Hexagon Composites skal eige 75 prosent av aksjane ved børsnotering, medan dei over 5000 eksisterande aksjonærane i Hexagon Composites får utdelt restane av aksjane - 11,5 prosent - i Hexagon Purus, etter kor stor andel dei eig i Hexagon Composites.
Dei som skaut inn pengar i kapitalutvidinga i desember fekk 13,5 prosent eigarandle. Hexagon Composites skal altså eige 75 prosent. Resten av aksjane er tildelt aksjonærane i Hexagon Composites, fordelt etter kor stor del av Hexagon Composiets dei eig.
Like etter Oslo Børs opna handelen klokka 09:00 vart den første handelen gjort. Klokka 09:11 er kursen 35,95 kroner pr. aksje, som prisar selskapet til 8,5 milliardar kroner.
Skilt ut frå Hexagon Composites
Hexagon Purus er eit datterselskap i Hexagon Composites i Ålesund, som er skilt ut frå Hexagon Compositets og har blitt eit eige børsnotert selskap.Ein av grunnane til at Hexagon Composites skilde ut Hexagon Purus var å få fram verdiane i hydrogensatsinga.
Medan Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av naturgass som drivstoff og energikjelde, gjer Hexagon Purus tilsvarande for bruk av hydrogen.
Hexagon Composites skal eige 75 prosent av aksjane ved børsnotering, medan dei over 5000 eksisterande aksjonærane i Hexagon Composites får utdelt restane av aksjane - 11,5 prosent - i Hexagon Purus, etter kor stor andel dei eig i Hexagon Composites.
Henta pengar
I starten av desember henta Hexagon Purus inn 750 millionar kroner i ny eigenkapital. Kapitalinnhentinga skjedde til 27,30 kroner pr. aksjen og interessa for å vere med var så stor at selskapet kunne hente inn langt meir til den kursen.Dei som skaut inn pengar i kapitalutvidinga i desember fekk 13,5 prosent eigarandle. Hexagon Composites skal altså eige 75 prosent. Resten av aksjane er tildelt aksjonærane i Hexagon Composites, fordelt etter kor stor del av Hexagon Composiets dei eig.
Publisert: 14.12.2020 09:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:08