Nytt
Børshopp på Hofseth Biocare-avtale
Hofseth Biocare har signert avtale med internasjonalt distribusjonsselskap. Aksjekursen opp over ni prosent.
01.12.2020
Avtalen med distribusjonsselskapet IMCD gir Hofseth Biocare sjansen til distribusjon i marknaden i Canada, USA og Mexico, store deler av sør-Amerika og i Australia, New Zealand, Sør-Afrika og Tyrkia.
IMCD er eit internasjonalt selskap som har spesialisert seg på distribusjon av kjemikaliar og ingrediensar, til annan vidareforedlingsindiustri. Hofseth Biocare vidareforedlar avskjær og restråstoff frå lakseslakteri til protein-, kalsium og oljebaserte produkt.
Avtalen blei godt mottatt bløant investorane på børsen. Klokka 10:29 var kursen ni kroner pr. aksje. Det er 9,76 prosent opp samanlikna med kursen då børsen stengte i går ettermiddag, og prisar heile selskapet til 3,1 milliardar kroner.
Hofseth Biocare har også ein intensjonsavtale med den Nestlé-eigde helsekostkjeda Garden of Life om å levere ingrediensar til Garden of Life-produkt i USA. Den avtalen blir ståande, også etter avtalen med IMCD.
Selskapet arbeider og med utvikling og testar for å kunne dokumentere at det har produkt som kan brukast som legemiddel.
Så langt har Hofseth Biocare gått i minus i år etter år. Så langt i år er underskotet 71 millionar kroner. Selskapet satsar likevel hardare enn nokon sinne, mellom anna med ein utvida fabrikk i Midsund til 130 millionar kroner, med eige gassbasert oppvarmingsanlegg.
IMCD er eit internasjonalt selskap som har spesialisert seg på distribusjon av kjemikaliar og ingrediensar, til annan vidareforedlingsindiustri. Hofseth Biocare vidareforedlar avskjær og restråstoff frå lakseslakteri til protein-, kalsium og oljebaserte produkt.
Avtalen blei godt mottatt bløant investorane på børsen. Klokka 10:29 var kursen ni kroner pr. aksje. Det er 9,76 prosent opp samanlikna med kursen då børsen stengte i går ettermiddag, og prisar heile selskapet til 3,1 milliardar kroner.
Viktig steg
Børsmeldinga om avtalen talfestar ikkje betydninga av avtalen, men er eit nytt steg på vegen for å oppnå verdsomspennande distribusjon av Hofseth Biocare-produkt, heiter det i børsmeldinga.Hofseth Biocare har også ein intensjonsavtale med den Nestlé-eigde helsekostkjeda Garden of Life om å levere ingrediensar til Garden of Life-produkt i USA. Den avtalen blir ståande, også etter avtalen med IMCD.
Klarsignal frå USA og Canada
I oktober i år gav styresmaktene i både USA og Canada klarsignal for at Hofseth Biocare kan bruke helseargument i marknadsføringa av helsekostprodukt.Selskapet arbeider og med utvikling og testar for å kunne dokumentere at det har produkt som kan brukast som legemiddel.
Så langt har Hofseth Biocare gått i minus i år etter år. Så langt i år er underskotet 71 millionar kroner. Selskapet satsar likevel hardare enn nokon sinne, mellom anna med ein utvida fabrikk i Midsund til 130 millionar kroner, med eige gassbasert oppvarmingsanlegg.
Publisert: 01.12.2020 10:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:06