Boersverdiar for tre milliardar vekke i nordvest
BØRSFALL: Verdiane stuper på Oslo Børs, men for selskapa i nordvest er det store variasjonar. Tidleg fredag var Roger Hofseth (t.v.), Per Ivar Fagervoll (midten) og Knut Flakk mellom eigarane som gjekk i minus.
Nytt

Børsverdiar for tre milliardar vekke i nordvest

Dei børsnoterte selskapa i nordvest har klart seg betre enn snittet etter at koronaviruset ramma børsen. Men fredag kan det verte store fall.

28.02.2020
Sidan forrige fredag er Hovedindeksen på Oslo Børs ned 9,98 prosent, og fredag ser ut til å verte ein ny blodraud børsdag.
Målt i kroner er det samla kursfallet for aksjane noterte på Børsen på heile 274 milliardar kroner på ei veke.

Seismikkfall

For selskapa på Nordvestlandet har det fordampa 3,2 milliardar kroner under det siste børsfallet.
Verst har det gått ut over seismikkselskapet Axxis Geo Solutions som no er nede i ein verdi på 37 millionar kroner, ein svikt på heile 83 prosent sidan nyttår.
Men for dette selskapet er det truleg like mykje eit blodraudt fjerde kvartal som bidreg til svikten, og ikkje like mykje koronaviruset.
Fredag peikar pilane vidare nedover.

Fjord1-hopp

Derimot har Fjord1 gått motsett veg, og styrka seg, sjølv om selskapet la fram eit negativt resultat for fjerde kvartal.
Heile selskapet er no verdsett til 4150 millionar kroner på børsen, opp 18,9 prosent frå årsskiftet.
For dette selskapet hjelp det at Frederik Wilhelm Mohns selskap Perestroika har vore aktive på kjøpssida, og det er etter kvart få omsettelege aksjar att.
Målt i kroner er det Hexagon Composites som har hatt størst børsfall siste veka, og frå nyttår er verdien redusert med 1,5 milliardar kroner til ein børsverdi på 5060 millionar kroner.
Fredag tyder mykje på at kursen vil gå ytterlegare ned.
Også offshoreselskapet Golden Energy Offshore Services har hatt stort fall, det same med Atlantic Sapphire og Hofseth Biocare, medan eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre har styrka seg med over seks prosent sidan nyttår.
For Havila Shipping og Havyard group har det derimot vore små variasjonar.

Enorm kursauke

Oslo Børs nådde ei historisk toppnotering 17. januar i år. Etter det har Hovedindeksen falle med 10,9 prosent.
Trass det siste fallet, viser tala at Oslo børs har stege med heile 5.525 prosent sidan 1982, noko som gir ei årleg avkastning på 11,5 prosent.
Torsdag vart det sett ny omsetningsrekord på børsen, med totalt 249.651 aksjehandlar.
Fredagen startar med eit nytt kraftig børsfall. I opningshandelen er børsen ned nye tre prosent.

Publisert: 28.02.2020 10:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53