Cermaq tapte mot MSC og Norpartners
RETTSSAK: Norpartners-advokatane Øystein Vartdal Riise (t.v.) Ole-Reinhart Notø (t.h.) i diskusjon med dagleg leiar Ivar Gaustad og styreleiar Arne Lillebø i Norpartners.
Nytt

Cermaq tapte mot MSC og Norpartners

Det var orkanen 'Ole' som var årsak til havariet av Aquadomen i 2015, ikkje produksjonsfeil av Norpartners. Det har Søre Sunnmøre tingrett fastslått. 

18.10.2018
Oppdrettsselskapet Cermaq vann ikkje fram i tingretten med sine krav mot Herøy-selskapet Norpartners og Måløy-selskapet MSC.
Cermaq hadde kravd inntil 14,3 millionar kroner i erstatning etter at den semilukka oppdrettsmerda Aqadomen havarerte i Horsvåg i Vestfjorden 7. februar 2015.
No må i staden Cermaq betale sakskostnader på vel 1,3 millionar kroner til Norpartners, og sakskostnader på 455.000 kroner til MSC.

Skulda på produksjonsfeil

Det var Norpartners som underleverandør og samartbeidspartner til MSC som laga komposittelementa til oppdrettsmerda, som ein del av Innovasjon Norge-støtta forskings- og utviklingsprosjekt.
Men få dagar etter at domen vart sett i havet, havarerte han.
Cermaq meinte at dette skuldast produksjonsfeil, delvis ved at det var luft i laminatet på flyteringen rundt domen, delvis at fibermattene var lagt feil, noko som svekka domen så mykje at desse feila var årsak til havariet.

Skulda på bølgjene

Norpartners meinte på si side at det var uvêret Ole som var skulda, ved at enkeltbølgjer var over 2,8 meter høge, som var det maksnivået domen var dimensjonert for.
Retten viser til at det er Cermaq som har bevisbyrda for eventuelle produksjonsfeil. Her viser retten spesielt til at det var Cermaq som hadde tilgang til domen etter at han vart skada, og at Cermaq sa nei til at det skulle oppnemnast ein uavhengig granskingskommisjon etter råd frå Norpartners-direktør Ivar Gaustad.
Retten viser også til at Gaustad fekk berre ein dags varsel til å analysere domen før han vart destruert.

- Ikkje sannsynleggjort

I domen vert det slått fast at Cermaq ikkje har klart å synleggjere at luft i laminatet var årsak til at domen havarerte, og har blant anna sett vekk frå ein Sintef-rapport om dette.
Her viser retten blant anna til at domen først vart undersøkt etter at han hadde lege lang tid i sjøen, i tillegg hadde vorte påført belastning ved slep til lands.
Derimot meiner retten at det er sannynleggjort at retninga på fibermattene er av stor betydning for at domen skal motstå strekkrefter, og at retninga på fibermattene var ein nødvendig betingelse for skadane som oppstod.

- Ikkje vesentleg

Men retten slår likevel fast at retninga på fibermattene ikkje var så vesentleg i årsaksbildet at det er naturleg å knyte erstatning til det.
Blant anna viser retten til at det ikkje er sannsynleggjort at domen ikkje hadde blitt skada om mattene låg motsett veg.

Kritiserer prosjektleiing og organisering

Til liks med Norpartners og MSC slår retten fast at vêret var ei nødvendig årsak til skadane, og at det er sannsynlegheitsovervekt for at domen vart utsett for bølgjer som var over 2,5 meter.
I tillegg til vêret, påpeikar retten også på at det framstår som om prosjektet har lide av dårleg organisering og prosjektleiing.
For retten framstår det som om viktige beslutningar i liten grad har vorte vidareformidla til aktørane i prosjektet og at kommunikasjonslinjer i liten grad har vore formaliserte.

Uavklara andre årsaker

Retten viser også til at det er rekkje andre mulege årsaker til havariet som er uavklara.
Blant anna gjeld det kvaliteten på liming og bolting av domskalet, kvaliteten på sveisearbeidet på gangbrua og gangbrua sin betydning for konstruksjonen, samt konsekvensen av manglande rotasjon inne i Aquadomen etter straumbrot under uvêret.

Publisert: 18.10.2018 15:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27