Chartrar eige fly og testar alle sjoefolka for covid 19
KORONATILTAK: Fredrik Remøy (innfelt) og Rem Offshore leiger fly for mannskapet og kjøper hurtigtestar av covid-19 frå Kina. No skal alt mannskapet testast ved mannskapsbyte, som på PSV-en Rem Mira (bildet).
Nytt

Chartrar eige fly og testar alle sjøfolka for covid-19

Rem Offshore har bestilt hurtigtest av covid-19 frå Kina, og alle sjøfolk skal testast før dei går om bord.

06.04.2020
- Vi ønsker å ta mest muleg kontroll over smitterisikoen sjølve, og gjer alt vi kan for å hindre at vi får smittespreiing om bord i våre skip.
Det seier dagleg leiar Fredrik Remøy i Herøy-selskapet.
Rem har ein flåte på ti skip, der seks PSV-ar har base i Aberdeen. Det er her rundt 100 bulgarske sjøfolk skal testast før dei går om bord i skipa neste veke.
- Vi arbeider no med å få samordna mannskapsbytet for alle seks skipa, seier Remøy.

Leiger fly for 500.000 kroner

Dei bulgarske sjøfolka vert flogne inn med eit chartra fly frå Varna.
- Det kostar rundt ein halv million kroner å leige flyet. Det ser vi på som ei god investering i forhold til kostnaden det vil vere om vi får påvist smitte om bord i skipa.
- I så fall er det full stopp, og enorme økonomiske konsekvensar.

- Kan ikkje risikere smittespreiing

I første omgang har selskapet kjøpt eit hundretals hurtigtestar direkte frå Kina. Dette er ifølge Remøy leveringar frå sertifiserte selskap som har eksportløyve.
Dette er testar der ein i løpet av ein halvtime får svar på om vedkomande har utvikla symptom på covid-19.
- Vi satsar på å gjennomføre slike testar framover så lenge denne situasjonen vedvarer, seier Remøy.
- Vi kan rett og slett ikkje risikere å få smittespreiing om bord.

Vil vere i forkant

Han kjenner ikkje til at andre offshoreselskap har sett i gang liknande tiltak.
- Vi ønsker uansett å vere i forkant av kva slags restriksjonar som kjem, slik at vi kan halde både dei tilsette og skipa i arbeid.
- Det er viktig for våre kundar å kunne ha tilit til at Rem gjer det vi kan for å minimere smitterisiko.
Rem Offshore har 400 sjøfolk i tillegg til 25 tilsette ved hovedkontoret i Fosnavåg.
Det kostar rundt ein halv million kroner å leige flyet. Det ser vi på som ei god investering

Publisert: 06.04.2020 11:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55