C Hercules Fwd SB TE 1 fra Slathammer Batbyggeri til Cjharvest ill Tomra Engineering
31 MILLIONER: Charvest nådde 31 millionar kroner i inntket då reiarlaget fekk båt nummer to. No der den treden (biletet) bestilt. Illustrasjon: Tomra Engineering.
Nytt

Charvest bestiller båt nummer tre

Salthammer Båtbyggeri skal bygge oppdrett-servicefartøy til Herøy-reiarlaget.

26.03.2026

Den 21,2 meter lange servicefartøyet til oppdrettsnæringa blir den tredje båten Salthammer Båtbyggeri skal bygge for Herøyreiarlaget Charvest. 

Charvest fekk sin første båt i 2020, den andre i 2024 og den siste - som no er bestilt, skal leverast neste år.

Dei to første er kombinerte servicebåtar og bløggbåtar, den siste blir ein rein servicebåt, fortel selskapa i ei felles pressemelding. Prisen på fartøyet er ikkje opplyst. 

Bløggbåtar er båtar som tek fisken opp frå oppdrettsanlegga og kuttar strupen slik at visken blir avliva og frakta død fram til slakteria for vidare bearbeiding.

Tre eigarar
Charvest har tre eigarar; Remøy Kystfiske, Flexway og NV Marine. 

NV Marine er eigd av dagleg leiar Ole-André Leine i Charvest. Flexway er eigd av marknadssjef og Gunnar Hoff i Cflow. Remøy Kystfiske er eigd av Tomas, Martin og Bård Magne Remøy.

32 millionar
I 2024 hadde Charvest 31 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på 4,6 millionar kroner.

Selskapet har gått med overskot kvart år. Då første båt kom i drift låg driftsinntektene i under kant av 20 millionar kroner i året. Med båt nummer to i 2024 steig dei til 31 millionar. 

Publisert: 26.03.2026 15:28

Sist oppdatert: 26.03.2026 15:28