Jan Ketil Smørdal Cirkus Agora foto Cirkus Agora
HELD DET GÅANDE: Jan Ketil Smørdal arrangere utandørs sirkusinnslag, mellom anna på eldresenter, og bur seg på turnè neste år for Cirkus Agora. Foto: Cirkus Agora
Nytt

Avlyste turné for andre år på rad

Så seint som for eit par veker sidan hadde sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal håp om dra på turné med Cirkus Agora i år. Til sist avlyste han, for andre år på rad.

15.07.2021

Koronatilskot på 4,8 millionar kroner i fjor kom godt med i eit år der sirkusteltet til sirkusselskapet frå Nordfjordeid aldri blei pakka ut.

Planen var å dra ut på landevegen i slutten av mars i fjor, men då hadde allereie norske styresmakter sett kroken på døra for å samle store folkemengder tett saman.

Utan den koronastøtta hadde Cirkus Agora berre hatt 230.000 i inntekter.

I staden dekte den kostnadane og sikra og det beste resultatet selskapet har hatt etter at Smørdal i 2017 for andre gang tok til med omreisande sirkus (sjå tabell).

Cirkus Agora as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt5,112,0
Driftsresultat1,70,2
Resultat før skatt1,70,2

Fem på lønninglista
I dag har Smørdal fem på lønningslista, for å drive vedlikehald, men og for å sikre seg at han nøkkelpersonar på plass for å førebu 2022-sesongen.

Smørdal sjølv sette seg ikkje på kontoret då epidemien kom.

– Vi har i fleire år hatt turne på eldresenter, og i tillegg har vi vore på skuleførestillingar og parkar som Tusenfryd. Eg er utruleg glad og takksam for at vi hadde den erfaringa då heile Norge blei stengt ned, sa Smørdal til NETT NO i fjor.

Gjorde come-back
Smørdal starta med omreisande sirkus i 1989 og held på med det til 2009.

Etter å ha laga framsyningar for mellom anna for Den kulturelle skulesekken, Den kulturelle spaserstokken og på festivalar og private arrangement gjorde han comeback med Cirkus Agora i 2017.

Både i 2017 og 2018 var driftsinntektene høvesvis 8,8 og 11,0 millionar kroner og resultat før skatt 1,1 millionar kroner i b egger åra.

Publisert: 15.07.2021 08:57

Sist oppdatert: 15.07.2021 08:58