Nytt
Coast Seafood blir større i oppdrett
Coast Seafood i Måløy kjøper seg opp i oppdrettselskapet Blom Fiskeoppdrett.
06.09.2016
Coast Seafood har auka frå 21 til 34 prosent eigarskap i Blom Fiskeoppdrett i Hordaland år.
I følgje konsernsjef Sverre Søraa er målet med aksjekjøpet å styrke Coast Seafood sin posisjon i oppdrettsnæringa i Hordaland, der Coast Seafood eig 23,08 prosent av lakseforedlingsbedrifta Sotra Fiskeindustri. Kjøpet er ikkje eit varsel om at Coast Seafood er på jakt etter å bli oppdrettar i eigne regi.
- Viss du spør om vi skal kjøpe meir i oppdrett, så er svaret nei, seier Søraa.
Blom Fiskeoppdrett er i konsesjoner og storleik eit selskap på line med Fjordlaks Aqua, som i følge partane blei verdsett til ein milliard kroner då Hofseth International og japanske Yokohama Reito fekk tilslaget tidligare i år.
Hovudverksemda i Coast Seafood-konsernet er eksport av laks og aure frå mindre og mellomstore oppdrettselskap.
Søraa seier konsernet har hatt ei stabil inntening over fleire år, og så langt ser utfallet av 2016 til å bli på line med tidlegare år.
Sverre Søraa og Odd Maritin Øvrebø, med familiar, eig kvar 45,33 prosent i Coast Seafood.
I følgje konsernsjef Sverre Søraa er målet med aksjekjøpet å styrke Coast Seafood sin posisjon i oppdrettsnæringa i Hordaland, der Coast Seafood eig 23,08 prosent av lakseforedlingsbedrifta Sotra Fiskeindustri. Kjøpet er ikkje eit varsel om at Coast Seafood er på jakt etter å bli oppdrettar i eigne regi.
- Viss du spør om vi skal kjøpe meir i oppdrett, så er svaret nei, seier Søraa.
Hemmelig pris
Søraa seir partene ikkje vil opplyse prisen for kjøpet av aksjeposten på 13 prosent.Blom Fiskeoppdrett er i konsesjoner og storleik eit selskap på line med Fjordlaks Aqua, som i følge partane blei verdsett til ein milliard kroner då Hofseth International og japanske Yokohama Reito fekk tilslaget tidligare i år.
Aukar kapasiteten
I tillegg til aksjekjøpet i Blom Fiskeoppdrett har Coast Seafoods datterselskap Måløy Seafood investert rundt 20 millionar kroner i auka innfrysingskapasitet i år. Etter investeringa kan Måløy Seafood fryse inn minst dobbelt så mykje sild og makrell som før.Hovudverksemda i Coast Seafood-konsernet er eksport av laks og aure frå mindre og mellomstore oppdrettselskap.
Søraa seier konsernet har hatt ei stabil inntening over fleire år, og så langt ser utfallet av 2016 til å bli på line med tidlegare år.
Sverre Søraa og Odd Maritin Øvrebø, med familiar, eig kvar 45,33 prosent i Coast Seafood.
Viss du spør om vi skal kjøpe meir i oppdrett, så er svaret nei
Publisert: 06.09.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00