Coast Seafood rettsak utsett
MÅ VENTE: Coast Seafood-sjef Sverre Søraa gjekk til retten med krav om at Blom Fiskeoppdrett på gjenoppta leveransane til fiskeeksportselskapet, men retten utsette saka. 
Nytt

Coast Seafood-rettsak utsett

Bergen tingrett vil ikkje behandle kravet om at Blom Fiskeoppdrett må levere fisk til Coast Seafood enno.

09.12.2020
Det langvarig samarbeidet mellom oppdrettsselskapet Blom Fiskeoppdrett og fiskeeksportøren Coast Seafood har surna slik at partane møtes i retten.

Blom Fiskeoppdrett meiner Coast Seafood har betalt for lite og ikkje oppfylt sin del av ein avtale frå 2014, der Blom Fiskeoppdrett sel all fisken sin gjennom Coast Seafood. Det gjorde at Blom Fiskeoppdrett stoppa å levere fisk til Coast Seafood, og heller selde den sjølv.
I starten av desember skulle Bergen Tingrett avgjere eit krav frå Coast Seafood om at Blom Fiskeoppdrett skulle påleggast å levere til Coast Seafood som før, men den rettsaka blei utsett. Ny dato er ikkje sett.

Vil ha innsyn

Blom Fiskeoppdrett har tidlegare i haust fått medhald i kravet om innsyn i Coast Seafood sitt handelssystem for alle transaksjonar for alle leverandørar sør for Trondheim frå 2014 fram til i dag.
Den kjennelsen har Coast Seafood anka til lagmannsretten, som førebels ikkje har behandla anken. I og med at avgjerda om innsynskravet manglar, bad Blom Fiskeoppdrett om at saka om selskapet skal påleggast å ta opp at leveringane blir utsett. Det gjekk retten med på.

Usamd om betaling

Coast Seafood er ikkje samd i at selskapet har betalt Blom Fiskeoppdrett for lite.
Coast Seafood kjøpte seg i 2016 opp frå 21 til 34 prosent eigarskap i Blom Fiskeroppdrett og Coast Seafood-sjef Sverre Søraa sit i styret.

Publisert: 09.12.2020 14:18

Sist oppdatert: 08.04.2021 12:12