Coast Seafood varslar nye oppkjøp
Selde fisk for over seks milliardar kroner i fjor.
Fiskeeksportøren Coast Seafood i Måløy kjøpte fiskeforedlingsbedrifta Vega Salmon i Tyskland tidlegare i år.
Slike oppkjøp blir det fleire av framover, varslar Coast Seafood i ei pressemelding.
"Vi har fulgt nøye med på restruktureringen av næringen. Dette vil fortsette i årene fremover, med økt oppkjøpsaktivitet og investeringer i nye driftsmodeller. Samhandling mellom små og mellomstore aktører blir derfor enda mer nødvendig, og Coast vil bidra med verdiskaping og innovativt markedsarbeid for disse aktørene", seier administrerande direktør Sverre Søraa i ei pressemelding.
Rekord
I fjor passert Coast Seafood seks milliardar kroner i driftsinntekt for første gang.
Resultatet før skatt, på 126 millionar kroner, er det nest høgast selskapet har hatt, berre slått av 136 millionar i 2020.
Eigenkapitandelen på over 50 prosent gir konsernet ein handlefridom som blir brukt til å styrke marknadsposisjonen, ifølgje pressemeldinga.
Tre eigarar
Maan Invest og Eili Invest eig 45,331 prosent kvar av konsernet.
Maan Invest er eigd av Odd Øvrebø og familie. Han eig 10 prosent i selskapet, men alle A-aksjane.
Eili Invest er eigd av Sverre Søraa og familie, Han eig 10 prosent i selskapet, men alle A-aksjane.
Sjøtroll Havbruk eig 0,085 prosent. Resten av aksjane er i Coast Seafood sitt eige.
Coast Seafood as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 6421 | 5595 |
Driftsresultat | 112 | 91 |
Resultat før skatt | 126 | 106 |
Publisert: 07.07.2023 14:57
Sist oppdatert: 07.07.2023 14:57