Coop styrkar seg
EXTRA: Dei 13 Coop Extra-butikkane på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane omsette i fjor for 764 millionar kroner, her Coop Extra på Eggesbønes i Herøy.
Nytt

Coop styrkar seg

Coop Vest held fram satsinga på oppgradering av butikkane, og får att gjennom auka handel. 

12.05.2017
Coop Vest har totalt 65 butikkar på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane.
I fjor omsette butikkane for 1,7 millionar kroner, 80 millionar kroner enn året før.
I tillegg vart det seld eigedomar, og selskapet hadde eit resultat før skatt på 28,1 millionar kroner, 6,5 millionar betre enn året før.
Totalt har samvirkelaga i Norge ein marknadsandel på 27,9 prosent. Coop vest ligg høgare, med ein marknadsandel på over 31 prosent.

Butikkfornying

I årsmeldinga frå selskapet vert det vist til at fornyinga av mange av butikkane har hatt god effekt. Denne satsinga vil halde fram, spesielt i dei store regionsentra.
Størst omsetning er det ved dei 13 Extra-butikkane, med 764 millionar kroner. Det utgjer vel 42 prosent av all omsetnad i Coop Vest.
Coop Førde er norges største Extra-butikk, sjølv om kjeden har 350 Extra-butikkar nasjonalt.
Dei 27 Coop Marked-butikkane omsette for 299 millionar kroner, medan dei seks Coop Prix-butikkane omsette for 226 millionar.

Volda-auke

Dei tre Mega-butikkane i Høyanger, Eid og Volda omsette for 234 millionar kroner. Her hadde Coop Mega i Volda størst vekst med 4,5 prosent.
Tre Coop Byggmix-butikkar omsette for 32 millionar, medan tre Extra Bygg-butikkar omsette for 161 millionar.
I tillegg har Coop Vest ti faghandlar og kafear som totalt omsette for 67 millionar kroner.

Kjøpeutbyte

Totalt hadde 1.520 personar eit tilsetjingstilhøve til Coop Vest i 2016, medan samla heile årsverk var 462.
Sjukefråveret var på 5,6 prosent etter å ha vore høgare åra før.
Coop Vest har 53.679 medlemar som i fjor fordelte eit kjøpeutbyte på 14 millionar kroner. Ved heile 71 prosent av all omsetnad nyttar kundane medlemskort.

Publisert: 12.05.2017 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09