Cruisar inn til solid overskot
SATSA PÅ BUSS: Joar Strand (t.v.) og Odd Jarle Kvamme starta med turar med M/B Olden (bak) på Oldevatnet, men det var då kompisane og partnarane satsa på buss at omsetning og resultat skaut fart. I dag har Olden Cruise ni bussar. 
Nytt

Cruisar inn til solid overskot

Satsing på busskøyring av cruiseturistar som vil sjå meir av Nordfjord og Sunnmøre, gjorde susen for Odd Jarle Kvamme og Joar Strand.

Ivar Myklebust Longvastøl
31.03.2014

Barndomskameratane, gründerane og eigarane av Olden Cruise AS leverte nyleg ein rekneskap for 2013 som dokumenterer nesten ei tredobling av inntektene frå året før. Resultatet er også i ein heilt ny divisjon i høve til tidlegare år, med eit overskot før skatt på 801.000 kroner (sjå faktaboks).

Dekte inn tap
- Det gode resultatet i 2013 har gjort at ein har fått dekt inn tap frå tidlegare år. Selskapet satsar på å auke omsetnaden ytterlegare i 2014, skriv styreleiar Odd Jarle Kvamme og dagleg leiar Joar Strand i årsmeldinga.

- Det handlar om å sjå mulegheitene og ha nok utstyr til rett pris, seier Kvamme til NETT NO.

Selde mjølkekvoten
Han selde mjølkekvoten for nokre år sidan og investerte i cruiseselskapet, og det gode resultatet i fjor gjorde at han for ein månad sidan slutta i fast jobb og vil prøve å leve av Olden Cruise.

nettnohalf

Akkurat no betyr ”nok utstyr” ni bussar og minibussar. Fire av dei går i fast rute mellom cruisekaia i Olden og Briksdalsbreen. Presentert slik på heimesida til Olden Cruise: ”Relax in comfort on 45 minutes trip up the valley while enjoying the spectacular landscape of water falls and traditional architecture.”

Sel på kaia
Selskapet har to turvogner som køyrer faste turar for operatørar og reiarlag frå Olden og Geiranger, og dessutan tre bussar med open topp for ein times guida tur (sightseeing) til eit utkikspunkt ved Oldevatnet.

- Dei ulike turane frå Olden og Geiranger er tinga av cruiseoperatørane på førehand, medan turane til Briksdalsbreen og Oldevatnet sel vi når passasjerane kjem på kaia, fortel Kvamme.

Starta på Oldevatnet
Strand og Kvamme starta med båtturar på Oldevatnet i 2004, og med M/B Olden tok dei opp igjen ein 140 år gammal tradisjon med å frakte turistar som ville sjå breane. Brecruise med M/B Olden er framleis viktig, men stod i fjor berre for ein halv million av omsetnaden.

nettnohalf

- For tre-fire år sidan kjøpte vi dei to første bussane og leigde oss ut til turoperatørar. Etter kvart såg vi fleire mulegheiter, og vi meiner det er viktig at lokale krefter får ta del i dette, seier Kvamme.

"Alle" reiser på cruise
Sidan 2010 har det vore ein enorm auke i cruisetrafikken på heile Vestlandet. I Olden er talet på passasjerar dobla på tre år, og i fjor var 130.000 innom, ifølgje Fjord Norge sine tal.

- Vi ser at stadig fleire har råd til å reise på cruise, ikkje berre folk med mykje pengar. Dermed aukar også behovet for rimelegare alternativ i land, og utan mellomledd gir det bra forteneste for oss, seier Kvamme.

Noko som kjem til uttrykk i rekneskapen for 2013.

Les også: Cruisetrafikken til himmels

Les også: Styrer unna cruisetrafikken

Færre anløp
For komande sommar er det venta ein nedgang i besøket i Olden, frå 93 til 76 anløp og 95.000 besøkande, 35.000 færre enn sist sommar.

- For oss treng ikkje det vere ei ulempe, fordi færre anløp gir betre spreiing av besøket, og då vil vi også ha betre kapasitet til å frakte passasjerar i toppsesongen, seier Kvamme.

Både Kvamme og Strand har hatt andre jobbar i tillegg til cruiseaktiviteten. Med fjorårets gode resultat ser dei mulegheiter til å halde på med dette på heiltid, men då krevst det også at dei skaffar seg fleire oppdrag i vinterhalvåret, til dømes for lag, organisasjonar og skular.

16 deltidsjobbar
I fjor sysselsette Olden Cruise 16 personar på deltid.

Odd Jarle Kvamme fortel at han har segla utanriks i mange år, som hotellsjef på Fred Olsen sine cruiseskip. Såleis kjenner han bransjen godt frå innsida.

- Eg gjekk i land for ein månad sidan, så får vi sjå om den fine utviklinga held fram og eg kan leve av dette, seier han.

Men breen minkar...
- Kva får det å seie at Briksdalsbreen, den store attraksjonen i Olden, vert mindre og mindre?

- Ja, den vert mindre for kvart år, men det skjer mykje anna som skaper trafikk. I Loen planlegg dei til dømes ei gondolbane som kan bli viktig også for det vi driv med, seier Kvamme.

Han viser til at ordførar Sven Flo i Stryn har understreka verdien av cruisetrafikken og at den betyr ei årleg verdiskaping på 65 millionar kroner i kommunen. Olden Cruise stod altså for 4,4 millionar av denne i fjor.

Eg gjekk i land for ein månad sidan, så får vi sjå om den fine utviklinga held fram og eg kan leve av dette
Odd Jarle Kvamme

Nøkkeltal Olden Cruise AS

Tal i tusen kr.

2013

2012

Inntekter

4424

1604

Driftsresultat

932

6

Resultat før skatt

801

-69

Kjelde: Årsmelding og rekneskap 2013


Publisert: 31.03.2014 06:30

Sist oppdatert: 07.06.2024 20:13