Cruisekontrakt til Vard
TIL AUSTRALIA: Vard har fått sin første kontrakt med Coral Expeditions of Australia, som mellom anna tilbyr turar til det store barriererevet aust for Australia. Skipet får plass til 120 passasjerar.
Nytt

Cruisekontrakt til Vard

Vard-verftet i Vietnam skal bygge ekspedisjonscruise-skip.

11.09.2017
Skipet skal byggast for cruiseskipsreiarlaget Coral Expeditions of Australia og leverast frå Vard-verftet i Vietnam i første kvartal 2019.
Designet er Vard sitt eige - Vard 6 01. Det blir 93,5 meter langt og får 17,2 meter breidde, med plass til 120 passasjerar.
Det er første kontrakten Vard har inngått med det australske selskapet.
Prisen på skipet er ikkje offentleggjort.

Publisert: 11.09.2017 13:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13