Nytt
Cruiseskipa kjem, men passasjerane får ikkje gå i land
I starten av august kjem dei første cruiseskipa igjen attende til norske fjordar.
28.07.2020
NPK-NETT NO: Men passasjerane får ikkje gå i land.
I Flåm i Aurland kommune har det ikkje vore cruiseskip sidan slutten av februar. Før koronautbrotet var det venta om lag 250.000 cruiseturistar i Flåm i år, skriv
– Vi er veldig glade for at skipa no kjem, seier Solrunn Hjelleflat, administrerande direktør i Aurland Ressursutvikling til kanalen.
I august kjem dei to første cruiseskipa, men dei vel 3.000 passasjerane får ikkje gå i land.
I Geiranger i Stranda og Loen i Stryn er det venta cruiseskip frå september, skriv NRK.
På lista til Stranda Hamnevesen er derimot første cruiseskipa venta 11. august. Det er dei to skipa Mein Schiff 1 og Mein Schiff 2, men desse kan verte kansellerte.
I Eidfjord kommune i Hardanger er det usikkert når det første cruiseskipet kjem tilbake.
Ifølgje oversikta for cruiseanløp i 2020 skal to skip ankre opp ved kaia i starten av september, men ordførar Anders Vetle seier desse kan stå i fare for å kansellere.

Publisert: 28.07.2020 10:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00