Cruiseturisten legg igjen 600 700 kroner
ÅLESUND: Cruiseskip ved kai i Ålesund. Ny undersøking viser at cruisepassasjerane normalt legg att lite pengar.
Nytt

Cruiseturisten legg igjen 600–700 kroner

Ferske rapport viser også at det er store forskjeller. – Nokre få brukar veldig mykje pengar og mange cruisepassasjerar bruker nesten ingenting, seier forskar. 

28.06.2019
NPK: – Me ser at det er enorme forskjellar: Nokre få brukar veldig mykje pengar og mange cruisepassasjerar bruker nesten ingenting, seier forskar Petter Dybedal ved Transportøkonomisk Institutt (TØI) til .
I år er det venta eit nytt rekordår for cruisetrafikk til Noreg. Prognosane frå Innovasjon Noreg og Cruise Norway fortel at norske cruisehamner til saman kan få om lag 3,5 millionar cruiseturistar på besøk.

Vekst i Geiranger og Ålesund

Det er dei store cruisehamnene som Stavanger, Geiranger, Ålesund og Flåm som bidrar til vekst i talet på cruiseanløp på Vestlandet i 2019, viser ein gjennomgang Nynorsk pressekontor gjorde i vår.
Bergen, den største cruisedestinasjonen i Noreg, får besøk av færre skip, men om lag like mange passasjerar.
Les også:

Trass mange cruisepassasjerar viser rapporten frå TØI, som har gått gjennom ti ulike undersøkingar mellom 2005 og 2018, at cruiseturistane i snitt ikkje brukar meir enn 700 kroner.

- Lite pengar og mykje frustrasjon

NHO Reiseliv meiner det er viktig å få til harmoni mellom dei som bur ved ei cruisehamn, og dei som seglar inn på flytande hotell.
– Cruiseturistane kan ofte leggja igjen lite pengar og mykje frustrasjon, seier næringspolitisk fagsjef Ole Michael Bjørndal til avisa.
Bjørndal viser til at det somme plassar blir stor trengsel, men at NHO ikkje vil forby cruise.
– Men det er eit problem om cruisetrafikken ikkje blir møtt med aktiv forvaltning frå kommunen, seier han.
Les også:

Mest pengar frå andre

TØI-rapporten svarar ikkje på kor mykje pengar ein cruiseturist brukar i Noreg samanlikna med andre turistar.
Eit anslag frå Innovasjon Noreg frå 2014 fortel at ein «landbasert turist» bruker omtrent 50 prosent meir per døgn enn ein cruiseturist.
Les også:

Cruiseturistane kan ofte leggja igjen lite pengar og mykje frustrasjon

Publisert: 28.06.2019 08:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36