Cyberangrep kan gi Vard permitteringar
VARDSJEF: Erik Haakonsholm leiar Vard-avdelinga for spesialskip og offshorefartøy. NETT NO fekk fredag ein e-post frå Haakonsholm si adresse der det vart opplyst at han for augneblinken ikkje hadde tilgang til e-post.
Nytt

Cyberangrep kan gi Vard-permitteringar

Tilsette har fått sms om at dei kan bli permitterte på kort varsel. Vard prøver å få oversikt over situasjonen.

11.06.2020
skriv at tilsette ved Vard skal ha fått sms med beskjed om at dei kan bli permitterte på kort varsel som følgje av det som skal vere eit cyberangrep.
Nordre har sett sms som er sendt ut frå leiinga i Vard. Her skriv dei at det har oppstått «omfattande problem med ITC-systema og at det blir jobba for fullt med å få full oversikt over situasjonen».

Ifølgje meldinga gjer usikkerheit kring situasjonen at konsernet må sende ut permitteringsvarsel på kort tid.
«Vi ber om forståing i denne svært krevjande situasjonen», skriv leiarar i Vard til sine tilsette, som blir kommunisert via sms då dette er einaste informasjonskanalen Vard har for tida.

Kom åtvaring

Det var natt til måndag, 2. pinsedag, at Vard-systemet skal ha blitt utsett for eit dataangrep som gjer at dei aller fleste serverar hos selskapet har blitt kryptert.
Det var Nordre-nett som først omtala saka, også om at det måndag blei sendt ut ei åtvaring om at eit stort selskap på Sunnmøre var utsett for kryptovirus.
«Natt til i dag ble et stort selskap på Sunnmøre utsatt for kryptovirus. De aller fleste klientmaskiner og servere hos selskapet ble kryptert. Dermed er det full driftsstans og ingen ansatte får jobbe», stod det i meldinga.
Det har så langt ikkje lukkast for NETT NO å få kommentar frå Vard om saka.

'Unable to access my e-mails'

E-postar som blir sende, har følgjande beskjed: "Thank you for your e-mail. I am currently unable to access my e-mails".
Vigleik Hustadnes i Tussa er leiar for informasjonssikkerheit hos Tussa, og ekspert på området. Han påpeiker overfor NETT NO at han ikkje vil kommentere den konkrete saka – eller har kjennskap til den.
På generelt grunnlag forklarar han at eit kryptovirus er et ondsinna programvare som krypterer data, eller dokument.
– Motivet er gjerne utpressing og økonomisk vinning, der offeret får eit krav om løysepengar, seier Hustadnes til NETT NO.
Til NETT NO opplyser Møre og Romsdal politidistrikt at ein ikkje ønskjer å kommunisere saka no.

Ingen kommentar

Den italienske verftsgruppa Fincantieri eig Vard-konsernet. Vard eig tre skipsverft i Norge, eitt i Brasil, to i Romania og eitt i Vietnam.
Fincantieri har så langt ikkje kommentert cyberangrepet.
Dei norske verfta er Vard Brattvaag, Vard Langsten og Vard Søviknes.
Hovudkontoret ligg i Ålesund. Der er også Vard Design.

Publisert: 11.06.2020 12:08

Sist oppdatert: 24.09.2021 11:00

Mer om