Davi Turbo kjoeper konkurrent
OPPKJØP: Adm. dir. Roger Kaldhol (t.h.) saman med representantar for Perssons Maskinservice i Lysekil.
Nytt

Davi Turbo kjøper konkurrent

Herøy-selskapet Davi Turbo har inngått avtale om å kjøpe 100 prosent av aksjane i Lysekil-selskapet Perssons Maskinservice.

07.04.2019
Det svensk-baserte selskapet har sidan 1970-talet tilbode deler, service og reparasjon på turboladarar til fartøy i alle størrelsar og er ein leiande aktør innanfor sitt felt i Sverige, Danmark, Finland og Aust-Europa.
Davi Turbo opplyser i ei pressemelding at selskapet gjennom oppkjøpet vil styrke kapasiteten på antal turboteknikarar betydeleg og auke antal deler på lager med cirka 30 prosent.

Stort lager

Lagermessig har no Davi Turbo meir enn 1.500 turboar og cirka 20.000 forskjellige artiklar på lager, klar for levering frå dei 12 turboverksteda i Skandinavia.

- I tråd med etablering av dei andre 11 verksteda vi har frå før, satsar vi stort med avansert balanseringsutstyr for turbo-rotorar opp til 1.500 kg og eit veldig stort lager av deler i Lysekil, med totalt 1.000 kvadratmeter verksted og lager, opplysar adm. dir. Roger Kaldhol.
- Dette blir vårt andre turboverksted i Sverige, i tillegg til Gøteborg. Dette gir oss mykje større styrke logistikkmessig overfor resten av Europa, samanlikna med ekstraarbeidet vi ofte får med å ta varer inn og ut av Norge.
- No vil vi ha eit mykje større lager innad i EU og i tillegg gjer dette det raskare å importere varer frå heile verda, noko som gjer oss mykje raskare på levering og meir fleksible, seier han i pressemeldinga.

Nye ordrar

Han seier også at rekruttering av fleire erfarne turboteknikere vil bli enklare sidan ein no er nærmare Europa og resten av verda.
- Kjøpet av firmaet har allereie resultert i fleire store ordrar frå våre kundar som velsignar satsinga, seier Kaldhol.
Davi Turbo tilbyr overhaling, balansering, reparasjon og bytteordning for små og store turboar til fartøy, frå dei 12 turboverkstadane i Skandinavia.

Lovar fleire etableringar

Kaldhol lovar endå fleire etableringar både i inn- og utland dei nærmaste åra.
Etter oppkjøpet i Lysekil, har selskapet etablert seg i Kirkenes, Tromsø, Svolvær, Sandnessjøen, Bergen, Bømlo, Stavanger, Skien, Hirtshals og Göteborg, i tillegg til hovedkontoret på Leinøy i Herøy.
Davi Turbo omsette i fjor for 16,6 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på 1,9 millionar.
Kjøpet av firmaet har allereie resultert i fleire store ordrar frå våre kundar

Publisert: 07.04.2019 22:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33