Kommundeling Regineog Petter web
KOMMUNEDELING: Regine Bruteig er prosjektleiar for Ålesund 2024 og Petter Sortevik er prosjektleiar for oppretting av Haram 2024. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Dei skal leie arbeidet med kommunedeling

Skal leggje til rette for at gamle Haram gjenoppstår, og at nye Ålesund vert slankare.

13.09.2022

Petter Sortevik er oppnemnd som prosjektleiar for oppretting av Haram 2024, og Regine Bruteig er prosjektleiar for Ålesund 2024, opplyser Ålesund kommune i ei pressemelding.

Gamle Haram kommune skal vere på plass igjen frå 1. januar 2024, og i pressemeldinga blir det opplyst at ein no er inne i eit rekrutteringsløp for tilsetjing av ny kommunedirektør/prosjektleiar for Haram kommune. Rekrutteringsutvalet vil truleg fatte ei avgjerd innan utgangen av 23. september.

For å sikre framdrift i eit stramt tidsløp vil Petter Sortevik vere prosjektleiar for Haram 2024. Sortevik har vore konstituert avdelingsleiar for arbeidsgivaravdelinga, HR, i Ålesund kommune. Han var og ansvarleg for seksjon for personal- og organisasjonsutvikling i tidlegare Haram kommune.

- Krevjande prosess
I tillegg er Regine Bruteig tilsett som prosjektleiar for Ålesund 2024. Ho er frå før tilsett i kommunen som rådgivar i vatn og avløp. Begge prosjektleiarane rapporterer direkte til kommunedirektøren.

- Eg er veldig glad for at begge prosjektleiarane har takka ja til å bidra i arbeidet med kommunedelinga. Det er viktig at vi har nok ressursar til for å holde oppe framdrifta. Det blir ein krevjande prosess, og det er viktig at vi har flinke folk med på laget, seier kommunedirektør Jon Steven Hasseldal, i pressemeldinga.

Delprosjekt
Det er også oppnemnd prosjektleiarar for delprosjekt innanfor ulike fagområde. Desse er:

• HR Roar Reiten

• Økonomi Lars Fylling

• IKT Helge Veum

• Politisk sekretariat Dagrun Lorgen Jensen

• Avtalar/samarbeid Kariann Bigset

Publisert: 13.09.2022 10:45

Sist oppdatert: 13.09.2022 12:47

Mer om