Dei ti foerste dagane i mars var dei beste nokon gong
REKKEDAL: Etter ein knallstart på sesongen, måtte Bjarne og Margrethe Rekkedal stenge ned. No har ein tenkt alternativt, og gjestane er på veg tilbake til Rekkedal Gjestehus.
Nytt

– Dei ti første dagane i mars var dei beste nokon gong

Etter ein knallstart på sesongen, måtte Margrethe og Bjarne Rekkedal tenke alternativt etter at koronapandemien slo til. 

19.06.2020
- Det vi hadde brukt eit halvt år å byggje opp, forsvann i løpet av ein halv dag.
- Situasjonen var heilt uverkeleg.
Det seier Bjarne Rekkedal ved Rekkedal Gjesteshus på Sæbø.

- Boka tømd på ein halv dag

I eit tun med sju historiske bygningar har paret bygt opp ein populær samlingsstad, spesielt for bedrifter og grupper.
Her får dei omvisning, i tillegg til ein tre- eller femrettars middag, alt med lokale råvarer.
Også vinen er spesialimportert frå Italia.
Men med koronapandemien forsvann bestillingane over natta.
- Boka vart tømd i løpet av ein halv dag.

Opnar for individuelle gjestar

Blant anna forsvann fleire bryllaup. Det same med grupper og alle utanlandske gjester.
- Vi måtte tenke alternativt, seier Bjarne Rekkedal.
No har paret for første gong opna opp for individuelle gjestar.
- I første omgang har vi ope onsdagar til og med laurdagar.
- Så langt er responsen god.
Ein har etter kvart også opna opp for å kunne ta imot lag på opptil 50 personar.

Fleire bryllaup på gang

Hausten ser også lovande ut.
- Fleire av dei planlagde bryllaupa skal haldast i haust, men då i litt mindre grupper enn først planlagt.
- Det store spørsmålet er om næringslivet kjem tilbake for fullt. Vi håper og trur det.
Bjarne Rekkedal seier at ein har godt samarbeid med Sagafjord Hotell, og rosar initiativet med båtruta frå Ålesund til Hjørundfjorden.
- Fjorden er viktig for byen, men byen er også viktig for fjorden.

Les også:



Det vi hadde brukt eit halvt år å byggje opp, forsvann i løpet av ein halv dag

Publisert: 19.06.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58