Nytt
Deler landet mellom seg
Nye kolleksjonar har fått Møre Design til å blomstre, men i fjor blei det tøft.
26.03.2014
- Fjoråret var prega av negativ stemning. Som ellers i marknaden har det vore eit vanskeleg år, seier leiar og medeigar John-Briger Pedersen i Møre Design i Ørsta.
Nervøse forbrukarar, konkurranse frå netthandel og brukthandel gjer at 2013 ikkje blei så godt som han ønskte før Møre Design og dotterselskapet Møre Design Trondheim (sjå tabell). Men starten på 2014 har vore langt betre, og varslar at stemninga har snudd, vonar han.
- Den (kolleksjonen, red. merk) har forandra seg ein god del sidan eg begynte, seier butikkmedarbeider Oddny Josefsen i Amine-butikken på Moa Syd, ein av kjedebutikkane under Møre Design-paraplyen.
Tidleg på formiddagen har ho allereie fem-seks kundar inne i butikken, og alderspennet blant kundane har blitt større i dei seks-sju åra ho har jobba i butikken.
Dei to selskapa utviklar kolleksjonen saman, og syr i utlandet, men deler marknaden mellom seg. Møre Konfeksjon har sine ni butikkar frå Volda og sørover, medan Møre Design 15 sine butikkar - med unntak av ein butikk på Nordfjordeid - ligg frå Ålesund og nordover.
Pedersen seier Møre Design i år er inne i ein ny delingsprosess. Innan året er omme skal selskapet delast i to, der det eine selskapet vil drive butikkar nord for Bodø, det andre sør for. Ut over det vil Pedersen ikkje kommentere delinga før den er gjennomført.
Nervøse forbrukarar, konkurranse frå netthandel og brukthandel gjer at 2013 ikkje blei så godt som han ønskte før Møre Design og dotterselskapet Møre Design Trondheim (sjå tabell). Men starten på 2014 har vore langt betre, og varslar at stemninga har snudd, vonar han.
Utvida kundegrunnlaget
Målgruppa for Møre Design er kvinner frå 40 år og oppover, og selskapet har lagt mykje arbeid i å utvikle og fornye kolleksjonen, for å utvide kundegrunnlaget mot yngre kvinner.- Den (kolleksjonen, red. merk) har forandra seg ein god del sidan eg begynte, seier butikkmedarbeider Oddny Josefsen i Amine-butikken på Moa Syd, ein av kjedebutikkane under Møre Design-paraplyen.
Tidleg på formiddagen har ho allereie fem-seks kundar inne i butikken, og alderspennet blant kundane har blitt større i dei seks-sju åra ho har jobba i butikken.
Motesamarbeid
Møre Design har eit tett samarbeid med Møre Konfeksjon i Volda (2013-tala er ikkje klare for det selskapet).Dei to selskapa utviklar kolleksjonen saman, og syr i utlandet, men deler marknaden mellom seg. Møre Konfeksjon har sine ni butikkar frå Volda og sørover, medan Møre Design 15 sine butikkar - med unntak av ein butikk på Nordfjordeid - ligg frå Ålesund og nordover.
Generasjonskifte
Opphavleg var Møre Design og Møre Konfeksjon eitt selskap, før det vart delt i samband med eit generasjonskifte. Det er bakgrunnen for kolleksjonsamarbeidet og fordelinga av butikkane.Pedersen seier Møre Design i år er inne i ein ny delingsprosess. Innan året er omme skal selskapet delast i to, der det eine selskapet vil drive butikkar nord for Bodø, det andre sør for. Ut over det vil Pedersen ikkje kommentere delinga før den er gjennomført.
Publisert: 26.03.2014 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32