Dempar forventningane til ny avtale med britane
AVTALE: Næringsminister Iselin Nybø (V) trur ikkje den nye frihandelsavtalen Noreg skal forhandle fram med britane, vil kunne bli nokon fullgod erstatning for EØS. Her er Nybø og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland i samtale med Vard-sjef Erik Haakonsholm under eit pressearrangement om krisepakka for maritim industri 27. mai.
Nytt

Dempar forventningane til ny avtale med britane

Næringsminister Iselin Nybø (V) seier norske bedrifter må førebu seg på nye handelshinder når Storbritannia går ut av den indre marknaden.

24.08.2020
NPK-NTB-Johan Falnes: «Minst like gode vilkår for norsk næringsliv i framtida som vi har gjennom EØS i dag.» Det var lenge regjeringas mantra for forhandlingane med Storbritannia om ein ny frihandelsavtale for tida etter brexit.
Men no justerast forventningane ned.
– Sjølv om vi har høge ambisjonar for frihandelsavtalen, så vil det vere eit dårlegare utgangspunkt enn det vi har i dag gjennom EØS, seier Nybø til NTB.
Ifølgje henne må næringslivet førebu seg på nye handelshinder når Storbritannia trer ut av den indre marknaden til nyttår.
– Ein frihandelsavtale vil ikkje kunne erstatte den EØS-avtalen som gjeld i dag.

Dette er måla

I ei pressemelding torsdag samanfattar Nærings- og fiskeridepartementet Noregs mål for forhandlingane.
Der blir det slått fast at Noreg bør få «minst like god tilgang til den britiske marknaden» som EUs medlemsland – om enn ikkje like god tilgang som i dag.
Noreg ønsker også dei same vilkåra som EU når det gjeld finansielle tenester, mattryggleik, tekniske forskrifter og veterinære reglar.
Noreg går også inn for nulltoll for alle industrivarer og full frihandel for sjømat.
På landbruk ønsker Noreg derimot å behalde det tollvernet som norske bønder nyt godt av i dag.
Eit anna komplisert spørsmål er tenestehandel. Der vil regjeringa jobbe for at handelen med britane kan vidareførast «så langt som mogleg».

Har dårleg tid

Hastverket er stort. Avtalen må vere på plass innan nyttår. Da går nemleg overgangsordningane som Storbritannia har fått på plass med EU ut.
– Vi har kjempe dårleg tid, seier Nybø, som viser til at frihandelsavtalen også må behandlast i Stortinget før den kan tre i kraft.
Nybø legg ikkje skjul på at den britiske regjeringa si kompromisslause tilnærming til brexit har sett avgrensingar for kva det er mogleg å få til.
– Vi har høge ambisjonar for denne frihandelsavtalen, seier ho.
– Vi kjem til å jobbe hardt for å sikre det som er viktig for vårt næringsliv. Men det blir noko anna enn den EØS-avtalen vi har i dag.
 Vi kjem til å jobbe hardt for å sikre det som er viktig for vårt næringsliv

Publisert: 24.08.2020 14:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59