Denne bedrifta har rekordomsetning
REKORD: Rekordhalvår for Fiskevegn på Flatraket. Innfelt adm. dir. Håkon Holen.
Nytt

Denne bedrifta har rekordomsetning

Beste første halvår nokon gong, og jaktar no fleire tilsette. 

20.07.2020
- Det ser veldig bra ut. Først halvår var det beste nokon gong, og juni var også den beste junimånaden vi har hatt.
- No kan alle tilsette ta ein vel fortent sommarferie.
Det seier adm. dir Håkon Holen ved Fiskevegn på Flatraket i Selje.
Han overtok som toppsjef i mai i fjor.
- Eg bur i Ålesund, der vi også har avdeling, men eg vekependlar til Flatraket.

Solid resultat

Totalt omsette selskapet for 106,0 millionar i fjor, og sat att med eit resultat før skatt på 13,4 millionar.
- I første halvår i år er omsetninga godt over 60 millionar, seier Holen.
Bedrifta er av dei store på leveransar på liner og utstyr til lineflåten.
- Vi har hatt fleire store kontraktar, seier Holen.

Aukar staben

Ein del av utstyret vert laga ved det 50 prosent eigde selskapet Magistr-Fiskevegn Group i Latvia, men det er ikkje snakk om å trappe ned aktiviteten på Flatraket.
- Nei, vi skal utvikle oss vidare, og skal blant anna no tilsetje teknisk sjef og sjef for forsyningskjeda.
Totalt er det rundt 35 tilsette i selskapet, der fleire har vore med i 40 år eller meir.
- Dette tek eg som eit teikn på at Fiskevegn er ein god arbeidsplass. Samstundes er det no på gang eit generasjonsskifte.
- Hittil har det ikkje vore problem å få tak i nye dyktige tilsette, seier Holen.

Ingen koronaproblem

Han opplyser at selskapet ikkje har merka koronakrisa økonomisk.
- Vi sette i verk ei rekkje tiltak, blant anna innførde reiserestriksjonar, men hos oss har det i heile denne perioden vore full produsjon.
I tillegg til investeringa i Latvia, eig Fiskevegn-konsernet 100 prosent av selskapa Flatraket Industribygg og Best Fishing Gear i Selje, samt eigedomsselskapet Storvika i Ålesund.
Konsernet har ein samla eigenkapital på 63,7 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 9,1 millionar kroner.
Eigarar er Helge Solheim og Mustad Sealine, med halvparten på kvar.
Først halvår var det beste nokon gong, og juni var også den beste junimånaden vi har hatt

Publisert: 20.07.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59