Denne baaten set line paa 81 kilometer
FANGST: På tre turar over elleve veker har nye Leinebris fiska 1200 tonn med linefanga fisk til ein verdi på over 30 millionar kroner.
Nytt

Denne båten set line på 81 kilometer

1200 tonn på tre turar, og opptil 60.000 krok i døgnet gjennom ein moonpool. Nye Leinebris har fått ein god start.

30.12.2015
Aktiv drift kvar dag sidan oppstart, einaste avbrekk har vore to leveranser i Tromsø der liggetida var under eitt døgn. Satsing på 'grønt' og miljøvenleg utstyr har også ført til svært lavt dieselforbruk.
- Ja, det har gått betre enn forventa. Dette er noko heilt anna enn det eg har vore van med, seier bestmann Christer Leinebø på den kombinerte autoline- og garnbåten.

Drog i orkankast

Den 58 meter lange og vel 13 meter breie kombinasjonsbåten vart døypt i september etter å ha vorte bygt ved det tyrkiske Tersan-verftet. Deretter har det gått slag i slag.
- Litt småplukk har det vore, slik det er med alle nye båtar, men ikkje verre enn at vi har løyst utfordringane undervegs, seier Leinebø.
Han er imponert over korleis båten fungerer i dårleg vêr.
- Medan Svalbard låg nede og det bles full storm med orkan i kasta, drog vi line som vanleg. Dei fleste andre båtane ved Svalbard låg og bakka og venta på betre vêr.

Dreg gjennom hol i skroget

Leinebris dreg lina gjennom ein moonpool, eit hol i kjølen på båten. Ved hjelp av kamera kan ein følgje lina og sjå fisken på dei første krokane.
Leinebø seier at systemet har fungert svært godt.
- Ja, dette har gått svært fint. Det hjelper på at vi har ein kraftig azimuth i forenden på båten som gjer at vi kan halde båten i rett posisjon i forhold til lina og baugen oppimot vinden.

Rask nedfrysing

Han seier at ein misser svært lite fisk gjennom denne metoden.
- Den torsken vi eventuelt misser, vert liggjande i moonpoolen, og vi kleppar den berre om bord.
Leinebris satsar på sjøfryst fisk, der målet er at all fisk skal vere pakka og frosen seinast tre-fire timar etter at han er komen om bord.
Leinebø seier at dette går fint, sjølv på dagar der ein fiskar opp mot 25 tonn, inklusiv filet.
- Viktig er det også at vi har to store tankar der fisken får bløde ut før han vert frosen.

Sluttar der ein startar

Leinebris brukar 11 millimeter tjukk line, og set heile lina i ei setning. Dermed unngår ein at tid går vekk til fleire halingar av endar.
Med 60.000 krok, er det snakk om ei samla lengd på heile 81 kilometer, ein sjødistanse frå Fosnavåg til Kalvåg i Bremanger, eller frå Oslo til Fredriksstad i luftline, noko det tek fem timar å setje med ni-ti knops fart.
- Vi set i ein usving, slik at vi sluttar der vi startar. Dermed kan vi starte å drage lina så fort vi er ferdig å setje, seier Leinebø.
På normalen ligg ein på rundt 55.000 krok i døgnet. Leinebø seier at han ikkje kjenner til andre båtar som får gjennom så mykje krok i løpet av eit døgn.
- På gamle Leinebris låg vi på 42.000 krok, og sjølv syntest vi det var bra.

Først med ny metode

Leinebris er no på Haltenbanken etter at dei tre første turane gjekk til Svalbard og Bjørnøya.
- Planen er no å leggje om til garnfiske. Vi satsar på å drive med 1200 garn og døgndrift. Også dei skal dragast gjennom moonpoolen, seier Leinebø.
- Som einaste fiskebåten i verda med slikt system håpar vi å lukkast også med dette.

Slo saman reiarlag

Om bord er det 16-17 mann per tur.
- Vi har to mannskap fordelt mellom norsk og utanlandsk mannskap. I innkøyringsfasen har alle desse utført ein fantastisk jobb, seier Leinebø.
På sine første elleve veker har båten fiska 1200 tonn med ein total fangstverdi på vel 30 millionar kroner.
Nye Leinebris er eit samarbeidsprosjekt mellom Herøy-reiarlaget Leinebris og Averøy-reiarlaget Urvaag, der ein samla kvotene på ein båt.
Medan Svalbard låg nede og det bles full storm med orkan i kasta, drog vi line som vanleg

Publisert: 30.12.2015 12:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:51