Nytt
Designkontrakt for Ulstein-selskap
Teiknar farty som fraktar stein til havvind-anlegg.
14.12.2020
Det er Ulstein Group sitt nederlandske designselskap Ulstein Design & Solutions BV som har fått oppdraget med å teikne eit farty skal frakte stein for det amerikanske selskapet Great Lakes Dredge & Dock.
Steinen blir mellom anna brukt til å fundamentere vinddturbinar som står på havbotnen.
Skipet blir det første USA-flagga sjølvlossingsfartøyet for stein som støttar krava i Jones Act, skriv Ulstein Group i ei pressmelding.
Jones Act er ei lov som krev at skip som skal operere i USA sitt farvatn må byggast i USA.
Pressemeldinga opplyser ikkje kva Ulstein Design & Solutions får betalt.
Ulstein Group har tidlegare leverte designet på eit steinleggingsfarty, 154 meter lange «Bravenes» som blei bygd av Zhejiang Shipbuilding Co. Ltd i Kina. Det skipet har vore i arbeid sidan mai 2018.

Publisert: 14.12.2020 13:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:08