Trygve slagsvold vedum jonas gahr støre valnatta 2021 foto stortinget 11
REGJERINGSKABAL: Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er samde om ei plattform, men det står att å legge regjeringskabalen ferdig. Foto: Stortinget
Nytt

Desse blir truleg nye statsrådar

Peiker på Pollestad som ny næringsminister og ein ukjend naustdøling blir truleg finansminister.

11.10.2021

I helga kunne TV 2 fortelje kven frå Senterpartiet dei meiner ligg an til å bli del av mannskapet til påtroppande statsminister Jonas Gahr Støre.

Det er ikkje overraskande at Møre og Romsdal blir utan ein representant, sjølv om Jenny Klinge har vore trekt fram som ein kandidat.

«Ukjend» finansminister
Det næraste Nordvestlandet kjem representasjon er Senterpartiets Sigbjørn Gjelsvik frå Naustdal i tidlegare Sogn og Fjordane. Han blir peika på som finansminister.

Gjelsvik er valt inn til Stortinget frå Akershus, men kjem opphavleg frå Naustdal - som grensar til Gloppen. Han har vore Senterpartiet sin finanspolitiske talsperson og vore sentral i forhandlingane på Hurdal, men er likevel ukjend for mange

Næringsminister frå Rogaland
Geir Pollestad frå Rogaland ligg an til å bli næringsminister, ifølgje kanalen. Rogalendingen har vore på Stortinget sidan 2013 og har tidlegare vore statssekretær.

Partileiar Trygve Slagsvold Vedum skal vere tiltenkt jobben som kommunalminister, Ola Borten Moe frå Sør-Trøndelag blir truleg forsvarsminister og Anne Beathe Tvinnereim blir nemnt som bistandsminister av TV 2 sine kjelder.

Kjeldene til kanalen meiner vidare at Marit Arnstad ikkje blir med i regjeringa, men held fram som parlamentarisk leiar for Senterpartiet.

Ny regjeringsplattform onsdag
Det er venta at Støre legg fram ei ny regjeringsplattform onsdag, etter at Vedum og Støre vart samde før helga.

Etter ni dagar med formelle regjeringsforhandlingar kunne dei endeleg ta kvarandre i handa, men ville ikkje gå i detalj om innhaldet då dei møtte pressa.

Dei beskreiv prosjektet til den nye regjeringa slik:

– Vi er samde om at det no er vanlege folks tur. At vi skal få ned forskjellane i landet. At vi skal leggje til rette for gode liv i heile landet. Vi skal sikre eit godt arbeidsliv med trygge jobbar og heile, faste stillingar. Klimakrisa skal vi møte aktivt, og vi har eit program for å ta Noreg vidare.

Ifølgje Vedum handlar det om å utvikle alle delar av landet, ha tenester nær folk, få ned forskjellane og bruke naturressursane til å skape arbeidsplassar.

– Det er veldig tilfredsstillande at vi har landa her, sa han.

Må godkjennast
Før plattforma blir lagt fram, må ho òg behandlast av stortingsgruppene til dei to partia.

Dei to partileiarane er ikkje redd for å bli avviste.

– Vi skal sørgje for at stortingsgruppa skal ta stilling til dette på ein ordentleg måte, seier Støre til NTB.

– Er det nokon risiko for at stortingsgruppene vil seie nei til dette dokumentet?

– Vi skal sjølvsagt ha dei rundane vi skal ha med gruppa, men så jobbar verken Jonas eller eg i eit vakuum. Vi veit jo heile tida der vi har dei ulike delane av partiet, seier Vedum.

Støre legg til at han meiner han i forhandlingane har fått gode gjennomslag for Ap.

– Så er det formelt stortingsgruppa som godkjenner til slutt, men eg er veldig trygg på ei fin mottaking der.

Spenning kring innhaldet
Det er knytt spenning til kva dei to partia har vorte samde om i ei rekkje spørsmål, blant dei EØS-avtalen, skatt og CO2-avgift. Lagnaden til Høgskolen på Nesna, Andøya flystasjon, Ullevål sjukehus og storfylket Viken kan òg bli stadfesta i regjeringsplattforma.

Mange lurer òg på om Sp klarer å innfri løfte om å gjenopne lensmannskontor i distrikta og fødeavdelinga i Kristiansand, og opne ei fødeavdeling i Alta.

Dei to partileiarane avviste alle spørsmål om slike enkeltsaker då dei kom ut frå hotellet. Ifølgje Støre står dei saman om hovudtyngda i prosjektet.

– Så er det reelle usemjer og det har vi òg handtert på ein respektfull og god måte.

Publisert: 11.10.2021 09:35

Sist oppdatert: 11.10.2021 09:43

Mer om