Desse har no faatt mest i krisestoette
MEST STØTTE: Av bedriftsleiarane på Nordvestlandet er det no hotelldirektørane hotelldirektør Monja Mjelva Muren og Richard Grov (innfelt) som har fått mest kontantstøtte. 
Nytt

Desse har no fått mest i krisestøtte

Fredag opna både Hotel Alexandra og Hotel Union Geiranger – og hotella toppar no lista over bedrifter med mest kontantstøtte på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
29.05.2020
Ifølge den siste oversikta frå Skatteetaten fredag er det no Hotel Alexandra i Stryn og Hotel Union Geiranger i Stranda som har fått utbetalt mest støtte frå kompensasjonsordninga i samband med koronakrisa.
Loen-hotellet Alexandra har fått 1.934.129 kroner, medan Union Geiranger har fått 1.884.262 kroner til saman for mars og april. Hotella får denne kontantstøtta for å dekke faste utgifter som følgje av inntektssvikt.
Fredag opnar også begge hotella etter å ha vore stengt i vekevis. Alexandra var mellom dei første til å stenge ned den første helga etter styresmaktene innførte omfattande tiltak mot koronaviruset.

– Konkurransevridande

Medan Hotel Union Geiranger betalar husleige til sitt eige eigedomsselskap, er både drift og eigedom samla hos Hotel Alexandra.
Hotelldirektør Richard Grov ved Alexandra har at han meiner måten utrekninga skjer på, gjer at den er konkurransevridande.
– Her bør det kanskje kome justeringar som treffer meir likt i marknaden, sa Grov.

Loen-hotell har tapt dobbelt så mykje

Ifølge oversikta frå Skatteetaten har Alexandra-hotellet rapportert om faste kostnadar på 1,2 og 1,6 millionar for mars og april månad. Inntektssvikten samanlikna med i fjor, er på meir enn 14 millionar kroner.
Union Geiranger-hotellet har opplyst at det hadde faste kostnadene på 1,2 og 1,4 millionar kroner i dei same månadene. Inntektssvikten deira er på sju millionar kroner.

Les også:




(ekstern lenke)

Publisert: 29.05.2020 16:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57