Desse hotella driv smaatt men godt
TOPP TRE: Marion Mulelid (innfelt) har teke over som hotelldirektør ved Bremanger Fjordhotell (t.h.), som saman med Sunde Fjord Hotel i Sula og Aursnes Hotell i Sykkylven, er dei tre mest lønnsame hotella på Nordvestlandet.
Nytt

Desse hotella driv smått – men godt

Dei minste hotella har best lønnsemd på Nordvestlandet, viser oversikt. Det suverent beste i klassa, blir drifta av ein heimflytta 29-åring.

Marius Rosbach
06.11.2020

Dei minste hotella er også dei som gjer det skarpast i konkurransen om å drive med best lønnsemd på Nordvestlandet. Dei tre på topp i resultatoversikta for 2019, hadde alle ei omsetning på 15 millionar eller mindre.

Sjå resultatoversikt under artikkelen og i pdf-fil

Øvst tronar Bremanger Fjordhotell eigd av Jostein Eimhjellen i Svelgen. Han tok over hotellet for kring ti år sidan og i 2016 fekk han inn Robel Yamane Berhane som ny drivar.

– Det her han som skal ha æra for det. Robel har jobba hardt for å kutte utgiftene og klart å drive veldig økonomisk, fortel Eimhjellen til NETT NO.

Med Berhane ved roret har hotellet tredobla omsetninga og levert lønnsemd langt over dei fleste av konkurrentane. Og eritrearen som kom til Norge som flyktning for berre få år sidan, og har ikkje berre drifta hotell. «Ved sida» har han vore i heiltidsjobb ved Elkem Bremanger.

Resultatmarginen for Bremanger-hotellet i 2019 var på drygt 19 prosent og året før på meir enn 29 prosent. Neste på resultatlista i fjor var Sunde Fjord Hotel med ein resultatmargin på 15,2 prosent (10,5 i 2018) og Aursnes Hotell i Sykkylven med ein resultatmargin på 12,8 prosent (20 i 2018).

Sunde-hotellet i Sula er framleis til sals, og eigarane i er i dialog med ein mogleg kjøpar.

Sjå resultatoversikt i faktaboks og pdf-fil under artikkelen

Heimflytta hotelldirektør
No er det nye klutar i driftsselskapet Bremanger Fjordhotell, som Eimhjellen nyleg har overteke. I haust kom Marion Mulelid inn som ny hotelldirektør etter å ha budd i Bergen i fleire år. 29-åringan kjem sjølv frå Svelgen og er glad for å vere tilbake i heimbygda.

nettnohalf

– Eg tenkte det kunne vere kjekt å flytte heim og bidra til at det skjer litt i bygda, fortel ho til NETT NO.

Med koronapandemien og stadig nye tiltak har det ikkje vore den enklaste tida å kome inn på, men Mulelid fortel at oktober har vore veldig bra.

– Eg tenkjer at vi har vore heldige og er takknemlege for at det er mykje arbeid som skjer i området, fortel ho.

Flest arbeidarar som gjestar
Langsiktige avtalar om å huse arbeidarar frå ulike bedrifter utgjer hovudgruppa med gjestar. Mellom anna har det vore stor aktivitet ved rognfiskanlegget til oppdrettsselskapet Steinsvik. Det er med å forklare den gode lønnsemda.

Bremanger Fjordhotell er også ein samlingsplass for bygda, med kafédrift, quiz og konsertar. Når smittevernsituasjonen tilet det, vil Mulelid også satse på litt andre typer arrangement.

Spent på turistsatsing
Hotelldirektøren fortel turistar er eit anna mogleg vekstområde for fjordhotellet. Med mindre tilreisande arbeidarar om somrane, trur ho det har potensiale.

– Vi har eit håp om at vi kan få inn fleire turistar i sommarmånadene. Bremanger er ein fantastisk plass, seier ho.

Dei er spente på korleis bygginga av Via Ferrata-ruta ved Hornelen vil slå ut. Lokale investorar jobbar med å bygge ei klatreruta opp den stupbratte 860 meter høge klippa.

Dei store slit med lønnsemda
Dei fleste av «tungvektarane» i hotellbransjen på Nordvestlandet slit med pressa marginar. Nokre viser likevel lovande takter, ifølgje NETT NO sin resultatoversikt.

Hotel Brosundet gjorde det best av 62 Grader Nord-hotella med ein resultatmargin på 8,6 prosent i fjor, etter at dei leverte sitt første overskott på fem år i 2018.

Også Choice-hotella i Ålesund gjekk med overskot, men Quality Hotel Ålesund som var best av dei to, hadde ein resultatmargin på 3,5 prosent. Likevel har hotellet nær 30 overnattingsverksemder bak seg på resultatoversikta.

Lengre ned på lista finn vi mellom anna dei tre Haagensen-eigde hotella i Ålesund, Scandic Parken, Hotel 1904 og Hotel Noreg som så vidt gjekk i pluss.

Også Nordvestlandets største hotellselskap Hotel Alexandra i Loen, hadde eit svakare år enn vanleg i fjor. Av ein omsetning på 226 millionar, enda rekneskapen med 2,2 millionar i resultat før skatt. Det gir ein resultatmargin på éin prosent.

Les meir: Haagensen-hotella i pluss - såvidt

Beste sommar nokon sinne for Alexandra

62 Grader Nord: – Fint for oss at Sunnmøre har mykje bra å by på

Trur på fleire godt betalande gjestar
Av dei større aktørane kjem Havila Hotels-eigde Geiranger Hotelldrift lengst opp på 4. plass. Resultatmarginen på drygt 11 prosent i 2019 er det dei førre eigarane som sytte for, og Havila tok over ved starten av 2020.

nettnohalf

På same vis som 62 Grader Nord-hotella, siktar Havila-hotella seg inn mot dei best betalande gjestane. Gunther Dahler i Havila Hotels fortel at tal frå dei siste åra viser at mange av desse nettopp tek turen til Nordvestlandet.

– Auken av gjestar som er villige til å betale for kvalitet, hamnar i stor grad i vår region. Det er meldinga vi får frå Innovasjon Norge, marknaden - og ikke minst resultata når vi ser på snittprisar per gjest, og kva dei er villige til å bruke. Pengane blir også lagt igjen hos fleire aktørar, påpeiker Dahler.

Kan dra nytte av kystruta
Frå før har Sævik-familien Raftevold Hotel og Hotell Ivar Aasen innunder sin paraply. Gunther Dahler har trua på det siste tilskotet i satsinga som no heiter Havila Geiranger Hotel.

– Eit hotell i Geiranger passar inn i eit heilskapsbilde, seier han.

Når systerselskapet kjem i gong med å segle kystruta, trur han på å jobbe i den utanlandske marknaden for å finne ut meir om kva dei reisande ønsker seg. Mellom anna trur han fleire vil hoppe av og på – enn berre å segle langs kysten.

– Med tre hotell i eit slikt attraktivt område kan folk hoppe av og på, og kanskje vere ein dag ein stad og eit par dagar ein annan, før dei segler vidare, fortel han.

Havila-konsernet er også storaksjonærar i selskap som Widerøe, Fjord1, TheFjords og Fjord Tours. Dahler seier det vil vere naturleg å sjå kva for samarbeid mellom desse som kan legge betre til rette for alle reisande i regionen.

Sjå resultatoversikt under og i pdf-fil

Les også: Fleire vil kjøpe fjordhotell

Havila satsar nye millionar etter underskott

Har snudd om drifta etter kriseår på Stranda

Pluss før koronakrise for Choice-hotellene

Hotell på Nordvestlandet

Resultatmargin 2019

Resultatmargin er res.f.skatt

i prosent av driftsinntekter

Bremanger Fjord Hotell as

19,2 %

Sunde Fjord Hotel as

15,2 %

Aursnes Hotell as

12,8 %

Geiranger Hotelldrift as

11,1 %

Grande Fjord Hotel og Hytter as

10,3 %

Hotel Brosundet Bryggen as

8,3 %

Blåtind Hotel as

6,8 %

Innvik Fjordhotell Misjonshotell as

5,3 %

SM Buick Holding as

5,2 %

Hjelle Hotel as

4,9 %

Måløy Hotelldrift as

4,8 %

Hotel Union (Øye) as**

4,5%

Knutholmen as

4,4 %

Sbg7 Drift as

3,5 %

Spjelkavik Hotelldrift as

3,4 %

Nordfjord Hotell Drift as

2,8 %

Valldal Fjordhotel Drift as

2,7 %

Visnes Hotel Stryn as

2,1 %

Hotelldrift Ålesund as

1,6 %

Olden Fjordhotell as

1,5 %

Villa Utsikten as

1,4 %

Hotel Noreg as

1,4 %

Hotel Ålesund as

1,3 %

Hotel Alexandra as

1,0 %

Hotel 1904 as

0,2 %

Hotel Ulstein as

0,0 %

Brattvåg Fjordhotell as

-0,1 %

Gloppen Hotell as

-3,4 %

Stryn Hotel as

-4,2 %

Hotell Ivar Aasen as

-6,0 %

Sentrum Hotell as

-7,1 %

Storfjord Hotel as

-7,6 %

Stranda Hotel as

-9,7 %

Melshorn Hotel as

-17,6 %

Volda Turisthotell as

-18,2 %

Petrines Gjestgiveri as*

-18,8 %

Raftevold Hotel as

-21,4 %

Sagafjord Drift as

-35,3 %

Stad Hotell as

-55,0 %

Fivelstad Eiendom as

-250,0 %

Avd i Rainbow Hotels as

Avd i Thon Hotels as

Avd i Tribe Hotel Management as

Knut Slinning, enkeltmannsforetak

SUM

0,8 %

*Konkurs i oktober 2020.

Bygget kjøpt av eierne av Blåtind Hotel

** Hotel Union (Øye) var ikke med i den første utgaven av lista.


Publisert: 06.11.2020 11:05

Sist oppdatert: 15.01.2022 14:33