I alt 55 bedrifter melde seg på 2025/2026-sesongen av Sparebanken Møre sitt gründerarrangemet Næringsteft. 35 av dei valde å melde seg på konkurransedelen av programmet og i dag vart 12 av dei plukka ut til semifinalen.
Sjå kven som gjekk vidare i tabellen under.
I slutten av februar blir finalistane valde ut og under Sparebanken Møre sitt investorarrangement Børs og Bacalao torsdag 12. mars blir vinnaren av førstepremien på ein million kroner kåra.
Dei øvrige finalistane får 200.000 kroner i premie og semifinalistaner får 50.000 kroner.
Denne sesongen er niande gang Næringsteft blir arrangert.
Arrangementet er ein kombinasjon av nyttig kursing i å starte bedrfit og drive fram ideeutvikling saman med trening i å presentere ideen for potensielle investorar.
| Selskap | Kommune | Idé |
|---|---|---|
| Battery Proof | Ålesund | Batteritest og -sertifisering |
| Carry On as | Molde | Sele for bæring av barn med kolikk |
| Senior Labs as | Kristiansund | Trenings- og navigasjonsteknologi for ortopedisk kirurgi |
| Etterspurt as | Vestnes | Lokal arbeidsmarknadsplattform for Nsv og arbeids- og inkluderingsbedrifter |
| Nodian as | Hustadvika | Gjere lokalmat meir synleg og effektivisere direktesal |
| Replete as | Hustadvika | Digital plattform som kombinerer trygghetsteknologi, kunnskap og støtte for personar utsett for vold, traumer og posttraumatisk stresssyndrom. |
| Prodsync as | Ørsta | Planlegging- og styringsverktøy for aktørar i live- og eventbransjen. |
| Frendar as | Kristiansund | Digital infrastruktur for bevaring og formidling av kulturarv |
| Sevenfold as | Sykkylven | Kunstig intelligens-driven assistent og mentor for serviceteknikarar |
| Done IT as | Averøy | App for å velge rett verneutstyr |
| Bra Barn as | Ålesund | Verkøy for å planlegge innkjøp av mat til barnehagar |
| Digital Nomad Norway, Verdiskulen as | Volde | Digital plattform for utleige av gardshus til folk som tek med seg sin digitale jobb |
Publisert: 20.01.2026 17:02
Sist oppdatert: 24.02.2026 15:12






