Desse nyskapingprosjekta får støtte
Bedrifter på Nordvestlandet får meir enn 100 millionar i støtte til å forske på mellom anna nye metodar for ROV-oppdrag og tråling og autonom skipsfart.
Måndag blei det kjent kva for innovasjonsprosjekt i næringslivet som får støtte frå Forskningsrådet.
Ei rekke bedrifter på Nordvestlandet hadde søkt om støtte på til saman 273 millionar kroner. Regjeringa har sett av ein rekordstort pott til ordninga på 1,2 milliardar kroner.
– Pengane skal bidra til at bedrifter tør å satse på prosjekt som gir store verdiar til samfunnet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding i samband med tildelinga.
Les om nokre av prosjekta: Vil ha senter for autonom skipsfart på Hareid
Kongsberg får millionstøtte til ny metode for oppdrag under vann
– Prosjekt som kan bidra til å løyse store samfunnsutfordringar
I Møre og Romsdal får desse bedriftene støtte:
- Maritech Systems, 2,2 mill. - automatisert planlegging for forhandlarar av oppdrettsfisk.
- Nordnes, 6,9 mill. - utvikling av ny trålkonfigurasjon.
- GC Rieber Oil 6,14 mill. - framstilling av omega-3 og omega-7 fra norske restråstoffer.
- Brunvoll 12 mill. - trygg og energioptimal autonom seglas.
- Createview 5,9 mill. - «GreatView - Utsikt til mer enn du ser».
- Wonderland 13 mill. «Wonderfull circular rest».
- Norwegian Centre of Maritime Communication 7,3 mill. - effektiv og miljøvennlige bilfergealternativ.
- Vard Design 6,5 mill. - plug in elskip for offshore.
- Rimfrost 4,5 mill. - ny metode for krill som proteinkilde for menneske.
- Pipelife Norge 8 mill. - lyddempende rørsystem for bygg.
- Norsk Hydro 10 mill. - aluminium varmeutvekslar med lågutslepp.
- Vard Elektro 3,2 mill. - nytt skipsdesign med menneske i fokus.
- Vard Design 5 mill. - nullutsleppsløysing for cruise.
- Oshaug Metall 4 mill. - automatisert måling og sliping av propellblad.
- Kongsberg Maritime 5,5 mill. - prosjekt med undervannskøyretøy styrt frå eit ubemanna overflatefartøy.
- Også Måløy-baserte Sea Technology i Sogn og Fjordane fekk støtte på 5,7 millionar til å utvikle brannhemmande komposittmateriale.
(sjå oversikt over alle tildelingane i heile landet - ekstern lenke)
Les også: Har søkt om 273 mill. til nyskapande business
Det kom inn 352 søknadar frå heile landet. Dei fleste som søkte driv innan industri og tenester, havnæringar, petroleum, miljøvennleg energi, CO2-handtering, mat og landbaserte bioressursar. Forskingsrådet nyttar fagekspertar for å avgjere kva for prosjekt som har best fagleg innhald og størst sjanse for å lukkast kommersielt.
Minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø meiner arbeidet er viktig for heile samfunnet, og at berekraft er eit viktig element.
Før helga blei det kjent at mellom anna prosjektet som skal produsere og levere hydrogen frå Hellesylt, fekk 37,6 millionar i støtte via den sokalla Pilo E-ordninga. Mellom anna Flakk Gruppen er med på prosjektet kalla Hellesylt Hydrogen Hub.
Les også: Hellesylt-hydrogen får Pilot E-status
Analyse: Hydrogensatsing saknar avklaring
Publisert: 20.12.2019 12:30
Sist oppdatert: 15.05.2022 23:53