Desse skipa gir arbeid paa Sunnmoere
CRUISE: Mystic Cruises byggjer sju identiske skip med utstyr frå Kongsberg Maritime.
Nytt

Desse skipa gir arbeid på Sunnmøre

Kongsberg Maritime skal levere utstyr for 300 millioner kroner til tre nye ekspedisjonscruiseskip for portugisiske Mystic Cruises.

25.02.2020
- Svært gledeleg, og vil gi ein god del arbeid for Kongsberg-bedriftene på Sunnmøre, seier kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime.
Dei tre 126 meter lange skipa skal byggjast ved portugisiske Westsea Viana Shipyard, og i kontrakten er det også ein opsjon på eit fjerde skip.
- Dette er eigentleg opsjonar som er innfridde frå gamle Rolls-Royce, seier Bonnevie Wollebæk.

- Godt posisjonerte

Ho seier at ekspedisjonscruisemarknaden er viktig for Kongsberg Maritime.
- Ja, dette er ein marknad i sterk vekst, og der Kongsberg Maritime er godt posisjonerte til å delta i veksten.
Mystic Cruises har tre identiske skip frå før, der tidlegare Rolls-Royce hadde leveransar.

Små cruiseskip

Det første skipet i serien, World Explorer, kom i drift i 2019.
Skipa har plass til 200 passasjerar og skal operere i polare strøk.
Skipa får ei driftsfart på 16 knop og er utstyrte med isforsterka skrog og propellar.
Det portugisiske cruiseselskapet spesialiserer seg på det som vert marknadsført som luksuriøse cruise i vanskeleg tilgjengelege område.

Samlekontrakt

Kongsberg skal blant anna levere hovudmotorar, hjelpemotorar, ror, styremaskiner, sidepropellar, framdriftsanlegg, elektrosystem og automasjons- og kontrollsystem.
- Dette er på mange måtar ein typisk samlekontrakt slik vi hadde fleire av under Rolls-Royce-perioden, seier Bonnevie Wollebæk.
Kongsberg opplyser i ei pressemelding at det hybride framdriftssystemet frå Kongsberg gjer det muleg å operere skipa med optimalisert fart- og kraftbruk, samt redusere drivstofforbruket og CO2-utslepp.
Utstyret skal leverast i 2020 og 2021.
Svært gledeleg, og vil gi ein god del arbeid for Kongsberg-bedriftene på Sunnmøre

Publisert: 25.02.2020 08:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53