Frå 15. juni skal Sunnmørsposten kome ut i papir berre tysdag, torsdag og laurdag fortel avisa i ein e-post til abonnentane. Poenget er å kutte kostnadar.
Nær 80 prosent av lesarane les avisa digitalt. Det medverkar til at Sunnmørsposten no gjer slik som lokalavisene dei eig har gjort tidlegare - går over til færre papirutgåver.
"Nyheitene blir konsumerte fortløpande på mobil og nett, medan papiravisa i større grad blir brukt til fordjuping, oversikt og dei viktigaste lokale historiene. Samtidig har kostnadane til trykk og distribusjon auka betydeleg. Skal vi framleis kunne satse tungt på lokaljournalistikk på Sunnmøre, må vi bruke ressursane på nye og andre måtar enn før.", skriv Sunnmørposten-redaktør Sindre Halkjelsvik i e-posten.
Også Romsdal Budstikke reduserer talet på papirutgåver frå fem til tre gonger i veka, melder avisa.
Distribusjon er dyrast
Halkjelsvik oppgir ikkje samla innsparingar i trykk og distribusjon, men skriv i ein epost til Nett No at dei største innsparingane med færre papiraviser ligg i distribusjonen:
"Dei samla innsparingane og lønnsemda i frekvenskuttet involverer langt fleire forretningsområde i Sunnmørsposten enn trykk og distribusjon. Dette er eit reknestykke som også får effektar på andre område i verdikjeda, og det blir difor misvisande å oppgi eksakte tal berre for trykk og distribusjon. Overordna er innsparinga på distribusjon betydeleg større enn for trykkeri. Når det gjeld våre totale distribusjonskostnadar, så er desse oppgitt i årsrekneskapen, og i siste offentlege rekneskap for 2024 var desse på 13,3 millionar kroner."
Satsar på laurdag
Laurdagsavisa blir hovudsatsinga framover, fortel Halkjelvik:
"Det er den avisa som betyr mest i høve til helgerutinene med betre tid til å lese avisa over kaffikoppen, og det er også den avisa vi ønskjer å satse mest på framover. I tillegg er annonseinntektene framleis betydningsfulle i laurdagsavisa. I 2025 kom over 30 prosent av papirannonseinntektene våre på laurdagane.", skriv han.
Les også
Publisert: 15.05.2026 06:46
Sist oppdatert: 15.08.2026 01:29






