Det blir eit blodbad for reiselivet
GEIRANGER: Kristian Jørgensen spår blodbad for reiselivsnæringa, men trur på kraftig rekyl neste år, spesielt for dei som satsar på grøne løysingar.
Nytt

– Det blir eit blodbad for reiselivet

Han har 25 år med internasjonal reiselivserfaring, og spår blodbad for reiselivet i år - men trur på kraftig rekyl neste år. 

12.03.2020
- 2020 blir eit blodbad for reiselivet. Vi kan like gjerne innsjå det alt no.
Det fastslo adm. dir. Kristian Jørgensen i Fjord Tours Group under Grøn Fjord-konferansen i Geiranger torsdag.

Avbestillingar i stort tempo

Jørgensen er tidlegare reiselivsdirektør for Vestlandet, og har 25 år med internasjonal reiselivserfaring.
No såg han enorme utfordringar.
- USA stenger grensene. Det har aldri skjedd før.
- Vi har 40 prosent av kundane frå USA. No kjem avbestillingane i stort tempo.
Han sa at det kom til å bli enormt tøffe månader for mange.
- Men dette er ikkje det viktigaste. No må vi stå opp for helsa, for samfunnet.

Spår rekyl

Jørgensen såg lysare tider fram i tid.
- Reiselysta kjem tilbake. Det kan gå to månader, seks månader, eitt år.
- Men lysta til å reise kjem tilbake, ikkje minst etter at mange har vore i isolasjon og ikkje fått reist på lang tid.
- 2021 kan fort verte ein skikkeleg rekyl for reiselivet.

Betring i Shanghai

Onsdag kveld hadde han snakka med ein ven i Shanghai.
- Han kunne fortelje at der var dei no tilbake til normalen, men at det hadde tatt innbyggjarane der to månader.
- For to månader sidan var det vi ikkje som ville dit. No er det dei som ikkje vil hit.

- Må sjå langt fram

Jørgensen meinte at for næringa var det no viktig å gjere alt for å bidra til å hindre smittespreiing.
- Men så trur eg at vi må løfte hovudet og sjå langt fram i tid.
- Reiselivet vil kome tilbake for fullt, men vi vil sjå endringar. Ikkje minst vil det vil endå større fokus på berekraft.

Vil sjå sonen i augene

Jørgensen viste til søkemotorar som no ikkje tilrådde reisemål utfrå pris, men utfrå utslepp og berekraft.
- Dei som tenker grønt, vil vere vinnarane framover, og den reisa har eg lyst å vere med på.
- Eg ønsker å kunne sjå min åtte år gamle son i augene om nokre år og seie at eg gjorde noko. Eg bidrog.

- Betre, ikkje meir

Fjord Tours Group har ambisjon om å byggje opp dei mest berekraftige reiselivsopplevingane i Norge, og etter kvart også i heile Skandinavia.
Jørgensen meinte at mange aktørar for lenge hadde hatt fokus på å gjere meir av det ein har gjort før.
- Vi har fokus av å gjere ting betre, ikkje meir.

- Miljøet set premissane

Om ikkje reiselivsnæringa endra fokus vekk frå masseturisme, meinte han at det ville vert endå større konfliktar mellom turistar og lokalbefolkninga, slik at ein har sett mange døme på i lokalsamfunn som Geiranger og Flåm.
- Det er miljøet som set premissane for framtidas reiseliv.
- Dette gir oss enorme mulegheiter framover, men då må vi ha full fokus på berekraft.
- Det vil vere bra for lokalsamfunnet, for kloden og for lommeboka.

Eg ønsker å kunne sjå min åtte år gamle son i augene om nokre år og seie at eg gjorde noko

Publisert: 12.03.2020 12:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54