Debatten om plassering av eit samanslått GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge held fram. Etter at politikarar frå både Arbeiderpartiet og Senterpartiet har teke til orde for ein regionalisering, kjem no også MAFOSS (Maritim Forening for søre Sunnmøre) på banen.
Dagleg leiar Jan Thomorsæter meiner næringsministeren ikkje kan overlate avgjersla til byråkratane, slik ho har gitt uttrykk for i sine svar om saka så langt.
– Det blir som å la Vassendgutane bestemme låtvalget i operaen. Sikkert gøy for nokre, men ei absolutt katastrofe for fleire, skriv Thormodsæter i ei uttale sendt til NETT NO.
Han meiner regjeringa må ta grep og komme med ei klarare meining om kvar og korleis etaten skal lokaliserast. Samtidig trur han at Sp og Ap, saman med Frp, kan påverke utfallet av saka.
Thormodsæter meiner det «seier seg sjølv» at etaten ikkje kan leggjast til Oslo, og at det blir feil i høve kvar brukarane held til, der hovudtyngda ligg langs kysten.
Bedrifter i Møre og Romsdal er mellom storbrukarane av ordninga, og for MAFOSS er det «opplagt at dette må leggast til kysten, fortrinnsvis Ålesund», skriv han.

Meir om saka:
Synspunkt:
Publisert: 08.01.2021 14:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11