Det er dristig men det maa berre gaa bra
HJØRUNDFJORDCRUISE: Første turen frå Ålesund til Hjørundfjorden med Nordic Lady. Helge Ingebrigtsen og Daniel Storeide er spente på interessa.
Nytt

- Det er dristig, men det må berre gå bra

Måndag var første turen med Nordic Lady frå Ålesund til Hjørundfjorden. - Dristig, men viktig, seier Daniel Storeide.

16.06.2020
- Vi må ha minium 20 passsjerar dagleg for å få det til å gå rundt. Det trur eg vi skal klare.
- Det er dristig, og sikkert eit snev av ungdomeleg overmot, men det må berre gå bra. Eigentleg er det ikkje nokon veg utanom, seier Daniel Storeide.
30-åringen driv Christian Gaard Bygdetun på Trandal i Hjørundfjorden saman med systera Lenita.
Her er det fjordpub, serverings- og overnattingstad og store arrangement som Trandal Blues.
Men for å kome dit, må ein kome sjøvegen.
Og i januar kjøpte Storeide skyssbåten Nordic Lady frå Classic Norway.

Tilbake i gamlebåten

Tre gongar dagleg skal det gå turar frå Ålesund til Hjørundfjorden og Norangsfjorden, med stopp på stader som Urke, Sæbø og Øye i tillegg til Trandal.
Han har fått Helge Ingebrigtsen som kaptein, og hans kona Aina Ingebrigtsen som matros.
Paret frå Langevåg var dei første som kjøpte båten.
- Ein strålande båt, som no også er nyrenovert, seier Helge Ingebrigtsen.
Sjølve båtruta er eigd av selskapet Flåm AS, men det er Daniel Storeide og Christian Gaard Bygdetun som skal stå for drifta med Nordic Lady.
Den 15 meter lange båten kan ta inntil 44 passasjerar, og har ei toppfart på 36 knop.

Ser bra ut etter bråstopp

Daniel Storeide seier at årets sesong såg bra ut før koronapandemien slo til.
- Deretter vart det heilt dødt.
Siste vekene har det derimot tatt seg kraftig opp att.
- Sist helg var det heilt fullt. Eg har nesten ikkje sett så mange båtar i Hjørundfjorden før, seier Storeide.
På Christian Gaard Bygdetun er det 30 overnattingsplassar.
- Det byrjar å fyllest opp. Resten av sommaren ser bra ut.

Har dobla folketalet

Han kan også glede seg over at innbyggjartalet på Trandal aukar igjen.
Frå å vere oppe i 70 på 1960-talet, var ein nede i åtte.
No er ein femten, snart seksten, og gjennomsnittsalderen er 25 år.
- Vi er tre småbarnsfamilier som har slått oss ned på Trandal. I august er det fem små born på Trandal. Det er ikkje mange stader som har dobla folketalet på kort tid, seier Storeide.

Nye opplevingstilbod

I tillegg til å stå bak båtruta til Ålesund, har han eigen charterbåt, og står for både skuleskyss, skyss til barnehage og postrute.
- Det er nok å gjere, men slik må det også vere.
Han seier at det kjem stadig fleire opplevingstilbod rundt Hjørundfjorden.
- For oss er det vakraste staden på jorda, men det virkar som at stadig fleire er i ferd med å oppdage Hjørundfjorden.
- I alle fall ser vi lyst på framtida.
Båtruta skal i utgangspunktet gå til slutten av august, men det vert også vurdert å forlenge sesongen.
- For folket som bur rundt Hjørundfjorden, både fastbuande og tilreisande, er dette også eit godt alternativ til å kome seg til Ålesund, seier Storeide.
I august er det fem små born på Trandal. Det er ikkje mange stader som har dobla folketalet på kort tid

Publisert: 16.06.2020 08:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58