Det er ikkje vi som skaper arbeidsplassane
ÅLESUND: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen opna Verftskonferansen 2018 i Ålesund.
Nytt

- Det er ikkje vi som skaper arbeidsplassane

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner at det skjer mykje positivt i norsk næringsliv, men at det ikkje berre er politikarane å takke.

01.11.2019
- Mange politikarar skryt av at dei har skapt 200.000 arbeidsplassar, og slikt.
- Men dette er ikkje rett, det er dokke som skaper arbeidsplassane.
Det sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen under opninga av Norsk Industris verftskonferanse i Ålesund tysdag.

Større verktøykasse

430 er påmelde til årets konferanse, der det er eit næringsliv i sterk omstilling som er i fokus.
Røe Isaksen meinte at det beste politikarane kan gjere er å leggje til rette for at det kan skapast nye jobbar.
- Vår jobb er å gjere det enklast muleg for dokke, slik at verktøykassa vert utvikla.
Han viste spesielt til at regjeringa no legg opp til å bruke 75 prosent meir på samferdsle enn for fem år sidan.
- Og vi brukar no dobbelt så mykje til næringsretta innovasjon.

Kritiserte Trump

Røe Isaksen refsa den proteksjonistiske handelspolitikken som Trump-administrasjonen står for.
- Høgare tollbarriærer er meiningslaust, sa Røe Isaksen og viste til at Norge nyleg har inngått handelsavtalar med Indonesia og Filippinane.
Han viste til ei rekkje eksempel på innovasjon, og rosa næringslivet i nordvest for å ha stor omstillingsevne.
- Sjå på Safe Offshore med ny teknologi for fjernstyrt hausting av skjel, sjå på den nye trålteknologien til Remøy Seatrawl, og sjå på Brunvoll i Molde, som er i ferd med å utvikle sine thrusterar.

Ingen solnedgang

Røe Isaksen åtvara mot å tru at norsk industri hadde passert middagshøgda, og at ein i framtida skal leve berre av kunnskap.
- Norge er slett ikkje eit industriland i solnedgang. Industri er ikkje noko vi dreiv med før i tida.
- Industri er det vi skal leve av framover, men vi må heile tida omstille oss.
- Oppdraga må opp og opplaga må ned, sa Røe Isaksen.
Oppdraga må opp og opplaga må ned

Publisert: 01.11.2019 15:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27