Det er julekvelden for Kleven i dag
NY KONTRAKT: Administrerande direktør Fredrik Remøy (f.v.) i Rem Offshore, saman med Kleven-sjefen Kjetil Bollestad og Rem-eigar Åge Remøy.
Nytt

– Det er julekvelden for Kleven i dag

Verftssjefen håpar Kleven snart har arbeid til kring 100 tilsette i tillegg til arbeid for underleverandørar. Sjå sending om ny kontrakt.

Marius Rosbach
16.12.2020
Rem Offshore har skrive kontrakt med Green Yard Kleven om å bygge eit havvindfartøy. Det kom fram under ei pressekonferanse ved verftet i Ulsteinvik onsdag.
– Det er julekvelden for Kleven i dag, litt tidleg, sa ein glad Kleven-sjef, Kjetil Bollestad, under pressetreffet.
(ekstern lenke)
Verftet har no kring 50 tilsette og Bollestad reknar med at oppdraget vil gjere at verftet kan ha arbeid til mellom 90 og 120 arbeidarar i løpet av nokre månader. I tillegg blir det arbeid til ein rekke underleverandørar i regionen.

Les meir:



– Eg er veldig glad

Skipet blir bygd ferdig som eit CSV (Construction Service Vessel), og vil vere skreddarsydd for å operere på offshore vindinstallasjonar, ifølgje som blei sendt ut i samband med nyheita.
Styreleiar og eigar Åge Remøy i Rem Offshore tok kontakt med verftet allereie i sommar, og dei la ikkje skjul på at det hadde vore ei lang ferd for å lande avtalen.

– Eg er veldig glad for at Kleven hadde eit slikt skrog til oss, at det kan leverast i tredje kvartal neste år - og at vi kan sette skipet i arbeid neste år, sa Åge Remøy under pressetreffet.
Ifølgje reiarsjef Fredrik Remøy skal skipet ut i arbeid i tysk sektor, men han kan ikkje opplyse kven som er oppdragsgivaren.

Arbeid til fleire leverandørar

Både reiar, skipsverft, designleverandør og ei rekkje andre underleverandørar held til på Nordvestlandet.
Havyard Design & Solutions har teikna båten og konsernet har også ei betydeleg utstyrspakke via selskapet Norwegian Electric Systems. Dei skal levere brusystem og kontrollsystem om bord.
I tillegg blir det mellom anna oppdrag til Hareid Elektriske, Langset-selskapet som blei eit resultat av konkursen i sommar, og Vestnes Ocean i Florø.

Les meir:





Publisert: 16.12.2020 16:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09