Det er slike loeysingar verdsarvfjordane treng
HAVYARD: Med slike nullustleppsskip, ser Havyard for seg at cruiseturistar kan verte frakta inn i verdsarvfjordane. Arne Sandnes (innfelt) synst det er ein strålande idè.
Nytt

- Det er slike løysingar verdsarvfjordane treng

Havyard har designa nullutsleppsskip som kan frakte cruiseturistane inn i verdsarvfjordane. Arne Sandnes synst idéen er strålande.

11.03.2020
- Det er akkurat slik vi har tenkt at det skal vere med miljøvenlege mindre fartøy som faktar turistane inn i verdsarvfjordane.
Det seier leiar Arne Sandnes i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap. Han helsar satsinga til Havyard hjarteleg velkomen.
- Dette er framtidsretta og berekraftig, og heldigvis er det no fleire aktørar som arbeider med konsept som vil sikre at vi tar vare på Verdsarvfjordane samstundes som at behova for cruiseturistane vert godt ivaretatt.

600-800 passasjerar

Det var under Grøn fjord-konferansen i Geiranger at produkutviklingsdirektør Kristian Osnes i Havyard fortalde om planane til selskapet.
Havyard-designarane ser for seg nullutslepps tenderskip som kan gå i verdsarvområda med turistar.
- Vi tenker om lag 70 meter lange skip som kan ta 600 til 800 passasjerar, sa Osnes.
Skipa er designa med store glas, og der det også vert plass til dei fleste passasjerar ute langs rekkene.

Flytande kaier med lading

På framdrift vert det sett å ulike løysingar, men det skal vere nullutslepp.
- Primært tenker vi å byggje vidare på ladeteknologien frå ferjene, sa Osnes.
Han meinte at ei god løysing var å ha flytande kaier med ladeinfrastruktur.
- Då kan vi til dømes ha løysingar der tenderskipa vert lada på natt, medan cruiseskipa vert lada på dagtid.

- Eit paradigmeskifte

Planane er i tråd med dei tilrådingane Arne Sandnes har kome med.
Han har vore ein tydeleg talsperson for at det blir etablert eit landstraumanlegg for cruiseskip på utsida av verdsarvfjordane, og at passasjerane blir lasta om i mindre elektriske turistbåtar som kan frakta dei innover fjordane til Geiranger, Tafjord og andre destinasjonar.
- Det er strålande at det vert arbeidd med slike løysingar no, og dette vil føre til eit paradigmeskifte innan cruisenæringa, seier Sandnes som har etterlyst ei omlegging som tek meir omsyn til lokal natur, kultur og folk som bur i verdsarvområda.

Vil leggje att meir lokalt

Sandnes oppmodar norsk verftsindustri om å vere om seg.
- Eg ser for meg at det kan kome til å verte bygt mange slike båtar til å frakte cruiseturistar, slik at her kan det verte mange oppdrag for norsk verftsindustri.
Han er opptatt av at mest mogleg av verdiskapinga vart lagt att lokalt.
- I dag forsvinn inntektene frå cruiseindustrien i stor grad til skatteparadis.
- Ved å ha norske båtar som fraktar cruiseturistane inn i verdsarvfjordane, vert det ekstra inntekter både til guiding, matservering og til mannskap på båtane.
Sandnes seier at det er viktig å halde oppe trykket.
- Det ser ut som om enkelte store cruiseaktørar trur at alt snakket om elektriske skip som fraktar turistar inn verdsarvfjordane er noko som går over, men slik er det ikkje.
- Men for å lukkast, må vi finne løysingar som cruiseselskapa også synst er interessante, slik som Havyard-modellen etter mitt syn er.

Publisert: 11.03.2020 14:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54