Det er toeft men dette faar vi kome oss igjennom
GOKSØYRA: Knut Asle Goksøyr har drive Goksøyra Camping i 47 år. Han er optimist, trass eit tøft 2020.
Nytt

– Det er tøft, men dette får vi kome oss igjennom

Han har drive Goksøyr Camping i 47 år, og må sjå at dei faste gjestane ikkje kjem i år.

04.08.2020
– Vi har hatt faste gjestar frå Tyskland og Nederland som har vore her i 30-40 år, men i år held dei seg heime og ferierer i sitt eige heimland.
– Neste år kjem dei heilt sikkert, om verda då er meir tilbake til normalen.
Det seier Knut Asle Goksøyr ved Goksøyr Camping.

Stor svikt

Campingplassen i Goksøyra på Runde er kjend for å ha mange utanlandske turistar, som har det som base for fuglekiking og andre naturopplevingar.
Men koronaepidemien snudde opp ned på sesongen.
– I april-mai hadde vi fem prosent av normal omsetning, i juni rundt ti prosent av normal omsetning.
– I fellesferien har det derimot vore bra, seier Goksøyr.
SSB-tal for heile landet viser ein auke i overnattingar på 20 prosent for campingplassane i juni (sjå fakta).

Jobbar for tre-fire

I det siste har det også dukka opp enkelte gjestar frå Tyskland, Danmark, Nederland og Sveits ved campingplassen på Runde.
– Det store spørsmålet er kva som skjer i resten av august og i september, når nordmenn har slutta å feriere.
For å handtere inntektssvikten, har ein redusert bemanninga ved campingplassen, og tar heller ikkje imot like mange gjestar som før.
Knut Asle Goksøyr seier at litt av grunnen er at kona Ingula har vorte alvorleg sjuk, og ikkje kan bidra like mykje som før.
– Ho gjer det ho klarer, men i praksis jobbar eg no for tre-fire.
– Det får stå si prøve.

Variabel køkultur

Han seier at det har vore enorm tilstrøyming av dagsturistar i den norske fellesferien.
– Det har vore tendens til kaos og enorme køar, og om nokon trur at utlendingane har dårlegast køkultur, så er mi efraring at slik er det faktisk ikkje.
– Når det gjeld køkultur har mange nordmenn mykje å lære.

Viktige tiltak

Han rosar elles smittevernrestriksjonane som er innførde.
– Dei tiltaka som vart innførde måtte også gjerast.
– Dette er ikkje noko å leike seg med, og faktisk er eg meir redd for at vi har opna opp for tidleg, seier Goksøyr, som er inne i sin 47. sesong som drivar av campingplassen.
Trass utfordringane, vil han ikkje gramme seg.
– Nei, dette er noko vi berre må kome oss igjennom.
Dette er ikkje noko å leike seg med, og faktisk er eg meir redd for at vi har opna opp for tidleg

Publisert: 04.08.2020 16:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00