Det Groene Treet melde oppbod
VOLDA-RESTAURANT: Det Grøne Treet i Volda sentrum får truleg nye eigarar snart. Selskapet som har drifta restauranten har meldt oppbod. 
Nytt

Det Grøne Treet melde oppbod

Slutt for selskapet – men nye drivarar skal snart vere klare.

Marius Rosbach
27.08.2019
Utestaden Det Grøne Treet har meldt oppbod og Sunnmøre tingrett opna tysdag konkursbehandling i selskapet, ifølgje ei frå Brønnøysundregistra.
Firmaet vart stifta heilt tilbake i 1986. Dei siste åra har lønnsemda vore svak og det har vore eit underskott i drifta i 2016 til 2018 på kring 350.000 kroner til saman.
Tidlegare i veka sa Karl Erik Rønnestad, som eig bygget til , at nye drivarar av restauranten snart skal vere på plass.
Bustyrar Hege Robudal Stenkløv seier til avisa at ho ikkje har fått sett seg inn i saka enno.
Første skiftesamling er 3. oktober og frist til å melde krav er to dagar før.

Publisert: 27.08.2019 16:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38