Stein Kvalsund Ocean Hyway cluster foto marius 11
VIL HA OPP TEMPOET: Dagleg leiar Stein Kvalsund i Hub for Ocean vil at arbeidet med å legge til rette for bruk av hydrogen skal gå raskare. 
Nytt

– Det går for seint i regjeringskvartalet

Den maritime næringa er klare til å ta i bruk hydrogen i skipsfarten, men vil ha fortgang i arbeidet frå styresmaktene.

Marius Rosbach
27.11.2019

Under Mafoss-jubileet før helga snakka fleire frå den maritime bransjen om utsiktene for å bruke hydrogen i skipsfarten.

Stein Kvalsund frå Florø-baserte Ocean Hyway Clüsters og Hub for Ocean-organisasjonen påpeika at næringa jobba i høgt tempo med å utvikle nye løysingar.

Utsleppsfri hurtigbåt
Kvalsund leiar hydrogenklynga som blei oppretta i fjor haust, og trekte fram samarbeidet med Brødrene Aa-veftet i Nordfjord om eit konsept for ein utsleppsfri hurtigbåt.

– Dei har garantert at denne båten som kan gå på hydrogen, eller elektrisitet, kan realiserast innan 28 månader, påpeika han.

Les også: Her er Brødrene Aa sitt forslag til utslippsfri hurtigbåt

Den utflytta sunnmøringen fortalde at dei er involvert i Havila sine kystruteskip, som han meiner er det første prosjektet som vil skape skikkelg volum på området. Han gleda seg også over å sjå at Ulstein nyleg lanserte sitt konsept for hydrogenskip.

– Det skulle berre mangle at Vestlandet er med på denne satsinga, for det er her kompetansen her, understreka han.

Forseinkingar frustrerer
Det er venta at Sogn og Fjordane fylkeskommune blir først i verda til å legge ut eit anbod som krev nullutslepp på eit hurtigbåtsamband. Det helser Kvalsund velkomen – men påpeika at arbeidet stadig har vore forseinka.

Også ein heilskapleg plan for korleis ein kan ta i bruk hydrogen – og ikkje minst – korleis infrastrukturen skal sjå ut, er mellom tinga Kvalsund meiner det hastar å få på plass.

– Næringa er klar til å realisere nullutsleppsamband, men det går for seint i regjeringskvartalet, sa han.

– «Alle» etterspør korleis infrastrukturen blir og lurar til dømes på om ein skal satse på flytande eller komprimert hydrogen, sa Kvalsund.

Analyse: Hydrogensatsing saknar avklaring

Les også: Lovar plan for maritim utsleppsreduksjon

Utsleppskrav og folkeopinion er drivarar
Jostein Bogen som er global produktsjef for ABB, sa seg samd med Kvalsund sin frustrasjon over tempoet i styresmaktene sitt arbeid. Han meiner teknologien er omtrent klar, men at det manglar leveransekjede og regulering.

Bogen viste til at drivarane bak teknologiskiftet mellom anna er krav til mindre utslepp frå det offentlege.

– Men folkeopinionen er kanskje ein endå sterkare driver med det merksemda vi ser temaet får i media - spesielt på cruise, sa Bogen og viste til diskusjonen kring utslepp og nye krav som har kome dei siste åra.

Samtidig meiner han cruiseindustrien er den delen av næringa der bruk av hydrogen har størst potensiale.

Les også: Søker støtte til Hellesylt-hydrogen

Hydrogen-partnarskap for Havyard

Hydrogen må ha støtte

Stor interesse for klimavennlege hurtigbåtar


Folkeopinionen er kanskje ein endå sterkare driver med det merksemda vi ser temaet får i media - spesielt på cruise

Publisert: 27.11.2019 05:55

Sist oppdatert: 15.01.2022 13:28