Per Sævik og familien har kring 3000 menneske i arbeid gjennom alle selskapa dei eig, men veteranen sjølv er usikker på om han har skapt noko særleg.
– Når eg seier at eg er usikker på om eg har skapt noko som helst, er det fordi eg i alle samanhengar har vore avhengig av å ha med folk som er flinkare eller smartare enn meg sjølv, sa Sævik til forsamlinga på Næringsdriv-konferansen i Ålesund torsdag.
Då herøyværingen skulle trekke linjene bakover, tok han fleire gonger tak i dei tunge tidene og kva for ansvar som kvilar på skuldrane i slike tider.
– Det har vore utruleg mange nedturar i løpet av desse 40 åra, sa han og viste til den pågåande offshorekrise som enno ikkje er avblåst.
Kan lære av Johaug
Sævik har fleire gonger tidlegare teke kritikk for korleis han som styreleiar i Havila Shipping handterte vekstperioden, men påpeika at også bankane måtte ta sin del av skulda for at det gjekk galt.
Han meinte krisa i tankskipflåten på 1970-talet var det einaste som kunne samanliknast med nedturen reiarlaget no er gjennom.
Litt tidlegare i konferansen fekk deltakarane innblikk i korleis skistjerna Therese Johaug jobba med å etablere eit eiga varemerke. Sævik meinte det var meir næringslivet kunne lære av skiløparen når det gjaldt å forstå kva som må til for å lukkast.
- Det er eigentleg det same som gjeld i næringslivet. Om du skal få til noko, så må du stå på frå morgon til kveld, sa han.
Mer fra Næringsdriv: Lovar meir gåver frå banken
– Har skjedd et skifte det siste året
Ga hedersutmerkelse til Hildre
– Har ingen fallskjerm
Opp gjennom historia har Sævik bygd opp tre offshoreselskap, Havyard-konsernet og ei betydeleg portefølje med eigedomar. I tillegg har familien sikra seg kontroll i Fjord1 og er i full gong med å bygge opp ei reiselivssatsing der dei fire kystruteskipa står sentralt.
– Dette er ei tung investering for oss på bortimot fire milliardar, påpeika han.
Si eiga rolle tona Sævik ned og viste til at dei tre borna hans i dag eig kring 90 prosent av selskapa, ifølgje ham sjølv.
– Eg har ingen fallskjerm for eg har i grunnen tenkt meg oppover, sa den personleg kristne forretningsmannen til stor munterheit i salen.
– Det kan i prinsippet sende meg heim når dei vil, la han til.
Trur på lang levetid for oljenæringa
78-åringen held framleis koken og er høgst yrkesaktiv. Han meiner dei som ikkje tek det grøne skiftet på alvor vert utkonkurrerte, men har likevel ikkje tru på noko bråstopp i oljeindustrien.
– Eg trur vi gjer rett i å erkjenne at oljenæringa er her enno i svært lang tid framover. Så lenge verda brukar meir olje i dag, enn dei gjorde i går, har vi ikkje noko alternativ på kort sikt, sa han.
Den maritime industrien si utfordring, meinte han, var i første rekke å i bruk ny teknologi hurtig – for å takle klimautfordringane best mogleg.
Eg har ingen fallskjerm for eg har i grunnen tenkt meg oppover
Publisert: 14.06.2019 08:41
Sist oppdatert: 08.12.2025 20:01






