Det vart for mykje aa dra for aksjonaerane aaleine
MÅTTE GI OPP: Roger Halsebakk sitt brønnbåtreiarlag har nytte simulatorsenteret mykje til opplæring. Bak tidligere dagleg leiar Håvard Stave. 
Nytt

– Det vart for mykje å dra for aksjonærane åleine

Sølvtrans-reiarlaget må tenke nytt om opplæring etter at simulatorsenteret i Fosnavåg er konkurs. 

Marius Rosbach
10.01.2020
NETT NO kunne tidlegare fredag fortelle at etter fleire år med store tap.
Simulatorsenteret som er hatt lokale i Thon-hotellet i Fosnavåg sentrum, har vore svært viktig for opplæringa til Sølvtrans sine sjøfolk.

Trudde på offshorenæringa

Brønnbåtreiarlaget som er deleigar i senteret, må no tenke nytt etter at dei misser moglegheita til å kursa dei tilsette i navigering og ulike operasjonar.
– Planen var å nytte senteret vidare, men det vart for mykje å dra for aksjonærane åleine. Vi hadde tru på at offshorenæringa skulle kome tilbake og fleire skulle ha opplæringa her. Men det er ikkje tilfelle, seier Sølvtrans-sjef Roger Halsebakk til NETT NO.
Senteret er i dag likt eigd av selskapa Havila Shipping, Olympic Shipping, Remøy Shipping og Sølvtrans, medan STQ eig 0,99 prosent. Sølvtrans gjekk inn som medeigar seinhausten 2016, då Fosac sleit med å få kundar.

Les også:


Har investert for millionar

Robin Halsebakk er styreleiar i selskapet som Sunnmøre tingrett tok under . Det er investert millionar i avanserte simulatorar og teknisk utstyr. Men inntektene har ikkje stått i stil – og senteret har gått med tap sidan starten.
– Det som gjekk galt var rett og slett at det ikkje var god nok inndekking i høve forpliktingane. Då er det dessverre ikkje grunnlag for vidare drift, seier Halsebakk til NETT NO.
Han veit ikkje stort om kva som vil skje vidare med utstyret i lokala.
– Det er fullt brukande, men det hjelper lite når det ikkje gir ei ok inntekt til å dekke verdiane, seier han.
Senteret hadde høgast omsetninga i 2015, då ein passerte 2,7 millionar kroner. I 2018 viser tala at omsetninga berre var på 0,9 millionar kroner, og resultatet før skatt vart minus 2,8 millionar kroner.
Utover dagleg leiar hadde senteret no ikkje tilsette, etter at to engasjement gjekk ut ved årsskiftet.


Det som gjekk galt var rett og slett at det ikkje var god nok inndekking i høve forpliktingane. Då er det dessverre ikkje grunnlag for vidare drift

Publisert: 10.01.2020 13:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49