- No er det slutt. Vi har både klimaet og politikarane mot oss. Selfangsten har tapt.
Det er slutt på statlege subsidiar til å drive selfangst i Norge. Likevel la Havsel ut på fangsting også i år.
- Dette var sikkert av gamal vane. Vi går i minus på turen, og det visste vi også før vi gjekk.
- Dette går rett og slett ikkje lenger.
- Her var det mykje sel, men vanskelege arbeidsforhold.
Han synst det er vemodig at ei så langvarig og tradisjonsrik næring i Norge er over.
- Motstandarane har vunne. Vi har heller ikkje med oss politikarane lenger.
Filmskapar Gry Elisabeth Mortensen seier at grunnen til at ein var med på turen var nettopp sjansen for at dette var den aller siste selfangstturen med ei norsk skute.
- Vi vil no prøve å selje filmen til NRK og andre kanalar, gjerne også internasjonalt.
- Ja, dette er ei tradisjonell næring.
- I tillegg til å filme, har vi også deltatt litt i arbeidet om bord, seier ho.
Ho rosar mannskapet.
- Førsteklasses folk å reise saman med.
Selskapet Polargodt i Tjørvåg har utvikla ei rekkje nye produkt av selskinn og spekk.
Det er slutt på statlege subsidiar til å drive selfangst i Norge. Likevel la Havsel ut på fangsting også i år.
- Dette var sikkert av gamal vane. Vi går i minus på turen, og det visste vi også før vi gjekk.
- Dette går rett og slett ikkje lenger.
Mykje sel å sjå
Han seier at det var lite is i dei tradisjonelle fangstområda, slik at ein måtte fangste på drivisen i Danskestredet mellom Island og Grønland.- Her var det mykje sel, men vanskelege arbeidsforhold.
Han synst det er vemodig at ei så langvarig og tradisjonsrik næring i Norge er over.
- Motstandarane har vunne. Vi har heller ikkje med oss politikarane lenger.
Filma turen
Med på årets tur var også eit filmteam frå Tromsø-selskapet Koko Film.Filmskapar Gry Elisabeth Mortensen seier at grunnen til at ein var med på turen var nettopp sjansen for at dette var den aller siste selfangstturen med ei norsk skute.
- Vi vil no prøve å selje filmen til NRK og andre kanalar, gjerne også internasjonalt.
- Førsteklasses mannskap
Ho synst det er trist om denne næringa no er over, og har fått augene opp for norske selfangsttradisjonar etter å ha vore med Havsel på selfangst.- Ja, dette er ei tradisjonell næring.
- I tillegg til å filme, har vi også deltatt litt i arbeidet om bord, seier ho.
Ho rosar mannskapet.
- Førsteklasses folk å reise saman med.
Selskapet Polargodt i Tjørvåg har utvikla ei rekkje nye produkt av selskinn og spekk.
Vi har både klimaet og politikarane mot oss
Publisert: 08.05.2015 16:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44