Dagfinn Neteland Fjord 1 foto Ogne
VENTAR PÅ STRAUM: Fjord1-sjef Dagfinn Neteland. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Diesel-smell for elferje-selskap

Forseinka elektrifisering gjer at Fjord1 får svi for høgare dieselpris.

01.03.2022

Det hjelper ikkje å ha elferjer dersom det ikkje kraftforsyning og ladeanlegg ikkje er på plass på ferjekaia.

For Fiord1 slår dette ut ein markert reduksjon i driftsresultatet og eit minusresultat før skatt i 4. kvartal 2021 (sjå tabell).

"Dette skuldast i hovudsak at forsinka oppstart av full-elektriske ruter har utsett drivstoffinnsparing, og høgare pris på diesel enn i same kvartal året før.", skriv Fjord1 i kvartalsrapporten pr. 4. kvartal 2021.

Les børsmelding her

Redusert inntekt
4. kvartalsresultatet til Fjord1 er også påverka av at selskapet ikkje lenger trafikkere sambandet Vestnes-Molde. Samanlikna med 4. kvartal 2020 er driftsinntekta redusert med 14 prosent.

I løpet av året ventar Fjord1 at alle elferjesamband har fått infrastrukturen som skal til. Det vil både redusere driftskostnadane og frigjere kaptial:

"Selskapet ventar å fullføre planlagde elektrifiseringsprosjekt over første halvdel av 2022, noko som vil gjere det mogleg å starte opp drift av dei heil-elektriske rutene. NOx kompensasjon vil typisk bli betalt seks månader etter oppstart, etter at utsleppsreduksjonane er registrert. Den kombinerte effekten er venta å gje gradvis betring av driftskostnadene og EBITDA, og å frigje kontantar til betaling av gjeld.", skriv selskapet i kvartalsrapporten.

Fjord 1 AS
4. kvartal. I Mill. kroner20212020
Driftsinntekt712826
Driftsresultat17112
Resultat før skatt-847
Fjord 1 AS
Pr. 4. kvartal20212020
Driftsinntekt28693118
Drifsresultat242491
Resultat før skatt134207

Publisert: 01.03.2022 12:24

Sist oppdatert: 22.04.2022 13:53

Mer om