Vard Designe for Colombo Shipyard Orange Marine innfelt Kjell Morten Urke General Manager i Vard Design
NYE OPPDRAG: Dei to nye kabelleggingsfartøya med Vard-design blir spesialisert for vedlikehald av undersjøiske fiberoptiske telekommunikasjonskablar. Vard har også tidlegare hatt oppdrag for både reiarlaget Orange Marine i Frankrike og Colombo Dockyard på Sri Lanka. Innfelt, Vard Desing-leiar Kjell Morten Urke: Illustrasjon/Foto. Vard Design/Kristin Støylen/Vard.
Nytt

Dobbel design-kontrakt for Vard

Verft i Sri Lanka skal bygge to kabelleggingsfartøy med Vard-design.

20.02.2026

Det er franske Orange Marine som har bestilt dei to skipa frå Colombo Dockyard på Sri Lanka.

Det betyr oppdrag også for Vard-selskapet Vard Design.

Per i dag har Vard designa og/eller bygd ni kabelleggingsfartøy, og med denne nye kontrakten har Vard fem fartøy av denne typen under bygging, skriv Vard i ei pressemelding. Storleiken på kontrakten for Vard er ikkje opplyst.

Dei to kablelleggingsfartøya som skal byggast er søsterskip av som kabelleggingsfartøyet CS Sophie Germain, som blei levert frå Colombo Dockyard til Orange Marine i juli 2023. De ito nye fartøya blir det tredje og fjerde kabelleggingsfartøyet Vard har designa som blir  bygd av Colombo Dockyard.

 

Publisert: 20.02.2026 09:41

Sist oppdatert: 20.02.2026 09:41