Dobla arbeidsstokken
BYGGJER UT: Atle Storvik i Astorplast bygde ut i fjor og skal byggje ut meir i år. Selskapet treng både meir plass og fleire folk. 
Nytt

Dobla arbeidsstokken

I fjor sommar hadde Atle Storvik like over 20 personar på lønninglista. No har han over 40, og skal ha fleire.

23.08.2019
- Vi har hatt veldig med forespørslar. Det har vore ei bra messe, seier dagleg leiar og eigar av Astorplast i Herøy.
Tilbakemeldingane har vore så gode at Storvik reknar med at det kjem fleire nye oppdrag som eit resultat av møta han og kollegane har hatt på Aqua Nor-messa i Trondheim denne veka.
- Sånn som det er under denne messa så treng vi meir folk, seier Storvik.

Utvidar

Fiskeri- og havbruksnæringa er omlag like store kundar hos Astorplast, som leverer rør og ventilar for transport av fisk.
I fjor hadde selskapet 38 millionar kroner i driftsinntekter. Til sommarferien i år hadde selskapet allereie selt for 32 millionar kroner.
Fleire oppdrag gjer at selskapet treng meir plass. I fjor blei fabrikken bygt på med 500 kvadratmeter og no er selskapet i gang med å planlegge eit minst like stor utviding, som skal vere ferdig innan eitt år.

Meir utvikling

Storvik reknar framleis Astorplast som ein komponentleverandør og seier det er ein rolle selskapet lever godt med.
Men samstundes blir selskapet trekt meir med i utforming av nye produkt..
- Vi har vorte veldig mykje med på andre si produktutvikling, seier Storvik.
Sånn som det er under denne messa så treng vi meir folk

Publisert: 23.08.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37