Norwegian Group Hardangerbrua foto Norwegian Group
LUFTIG JOBB: Norwegian Group bruk brukar teknikk frå fjellklatring for å kome til og sikre folk der det er for dyrt og vanskeleg å bygge stillast. Her frå vedlikehaldsarbeid på Hardangerbrua. Foto: Norwegian Group.
Nytt

Dobla arbeidsstokken på eitt år

Norwegian Group har dobla talet på tilsette på eitt år. Merkar oppsving i oljebransjen.

23.07.2021

Det er kombinasjonen av oppkjøp, større etterspørsel og etablering av datterselskapet NOG People som gjer at Norwegian Group-konsernet no er kome opp i 250 tilsette.

Selskapet brukar tilkomstteknikk basert på fjellklatring for å få å kunne utføre inspeksjoner, konstruksjon-, reparasjon- og vedlikehaldsoppdrag offshore og på land, der det er for tidkrevande, vanskeleg eller for dyrt å bygge stillas. I tillegg byggjer selskapet stillas både til bygg og anlegg, til industri og på offshoreinstallasjonar.

- Vi opplever at det er ein optimisme, seier dagleg leiar og medeigar Morten Borøchstein om utviklinga i oljebransjen, der dei største kundane til Norwegian Group er.

Permitterte
I 2018 var selskapet på veg opp av bølgedalen etter oljeprisfallet i 2014.

2020 vart ein nedtur, med fall i driftsinntektene (sjå tabell).

Storparten av arbeidsstokken vart permitterte i ein perioden då koronaepidemien, reiserestriksjonane og andre smitteverntiltak mot epidemien kom i mars i fjor. Det er også reiserestriksjonane og andre smitteverntiltak som er hovudårsaka til fallet i driftsinntektene frå 2019 til 2020, ifølgje Borøchstein.

Kjøpte Aak
I dag er dei fleste permitterte i NOG Access - hovudselskapet i konsernet - tilbake i jobb.

Tidlegare i juli kjøpte Norwegian Group Aak på Åndalsnes frå det børsnoterte selskapet Endur. Prisen er ikkje offentleggjort.

AAK har omlag 60 tilsette og er pioneren i Norge innan tilkomstteknikk, med røter tilbake til slutten av 1980-talet.

Aak spring ut frå klatremiljøet i AAK Fjellsportsenter, og er også godt etablert i dei samme marknadssegmentane som NOG Access, men AAK er i tillegg ein av dei største aktørane innan vedlikehald av vindturbinar.

Les børsmelding her

NOG Access er hovudselskapet i Norwegian Group og målet for det selskapet i år er å kome opp på same nivå i driftsinntekter og lønsemd som i 2019 , ifølgje Borøchstein. NOG People er eit bemanningselskap som blei etablert i fjor, og i dag har det omlag 50 tilsette.

Hovudkontoret til Norwegian Group er i Volda.

Norwegian Group består i dag av datterselskapene NOG Access, NOG People, NOG Trading, AAK og NOG Property. I tillegg eig NOG Access 20 prosent av No Working Limit AS, eit selskap som kursar og sertifiserer folk innan tilkomstteknikk og rigging.

Eigarane er Lasse Gravdal (10 prosent), Morten Borøchstein (10 prosent) og Kay Ove Johansen (80 prosent).

NOG Access as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter79,3104,4
Driftsresultat5,98,0
Resultat før skatt5,48,0

Publisert: 23.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 06.09.2023 10:24

Mer om