Havfisk illustrasjon foto Havfisk
10 TRÅLARAR: Lerøy Havfisk i Ålesund driv fiske med 10 trålarar. Foto: Havfisk
Nytt

Dobla drivstoffkostnad

Lerøy Havfisk brukte litt mindre drivstoff i tredje kvartal, men betalte likevel 49 millionar kroner meir enn i fjor.

15.11.2022

49 millionar kroner er omlag ei dobling av drivstoffkostnadane kvartal mot kvartal , skriv Lerøy Havfisk-eigar Lerøy Seafood Group i kvartalsrapporten for tredje kvartal.

Lerøy Havfisk har hovudkontor i Ålesund og driv ti trålarar.

Les børsmelding her

Medan drivstoffkostnadane trekkjer ned dreg prisutviklinga på fisk opp. Samla er det ein prisauke på 25 prosent i tredje kvartal i år mot tredje kvartal i fjor. For torsk, som er det viktigaste fiskeslaget for reiarlaget, er prisauken 56 prosent.

Lerøy Havfisk har tatt ein større del av torskekvoten i årets ni første månadar samanlikna med same periode i fjor.

Tyngre foredling
Forretningsområde villfangst i Lerøy Seafood Group omfattar også foredlingverksemda i Lerøy Norway Seafoods, som driv mottak og/eller foredling av vill fisk på i alt 12 anlegg i Nord-Noreg.

I fjor betra denne delen av verksemda lønsemda, men i år har det gått motsett veg. Prisauken på fisk ein viktig grunn til svekka lønsemd fordi selskapet ikkje har greidd å auke prisen på sine foredla produkt i tak med prisauken på fisk.

Fryktar motbør for laks
Hovudverksemda for Lerøy Seafood Group er oppdrett av laks og aure. Konsernet frykta at regjeringa sitt framlegg om legge såkalla grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa vil svekkje både etterspørsel og tilbod av norsk laks.

Konsernet meiner regjeringa baserer framlegget om auka skatt på gamalt tankegods:

"Grunnrenteforslaget og prosessen har skapt et akutt operasjonelt kaos som allerede medfører betydelige konsekvenser for selskapet, ansatte, leverandører og kunder. Selskapet og næringen sin mulighet til å fylle sine forpliktelser i relasjoner som er utviklet gjennom de siste 30 år er effektivt torpedert. Regjeringens forslag har lagt til grunn at næringen er en råvareleverandør med ett homogent produkt som kan selges i spot-markedet gjennom daglige transaksjoner. Det er vår plikt å belyse konsekvensene, og en må skru tiden 30-40 år tilbake for å finne en norsk havbruksindustri som kanskje kunne levd med det tankegodset forslaget bygger på."

Forretningsområde villfangst

Pr. 3. kvartal. I mill. kroner

20222021
Driftsinntekt25622075
Driftsresultat357267
Forretningsområde villfangst
3. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt633522
Driftsresultat2717

Publisert: 15.11.2022 07:49

Sist oppdatert: 15.11.2022 08:46

Mer om