IMG 3852 1 arkwiz
Arkwiz fra Ålesund vann den regionale finalen på Sunnmøre i Sparebank 1 SMN sin grunderkonkurranse fjor. Flankert av prisutdelarane Vegard Helland frå Sparebank 1 SMN og Heidi Nakken frå Næringsforeninga mottok dagleg leiar Tore Sørensen Holmem og styreleiar Kine Berild Norheim i Arkwiz regionvinnerprisen i Fremtidens Verdiskaper. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Doblar premien i gründerkonkurranse

Ein million til vinnaren når Sparebank 1 SMN arrangere finale i november.

14.04.2026

Det har blitt tøffare for oppstartselskap å reise kapital. Det er bakgrunnen for at Sparebank 1 SMN aukar premieane til deltakarane i banken sitt gründerarrangement "Fremtidens verdiskaper", fortel banken i ei pressemelding.

Fem finalistar skal stå på scena i Trondheim og konkurrere om førstepremien på ein million kroner. Kvar finalist er allereie sikra 200.000 i i premie. Begge premiane er ei dobling frå i fjor.

Fristen for å melde seg på konkurransen er 30. april, og finalistane blir plukka ut i fem regjonale finalar med fem deltakarar i kvar.

Også for studentbedrifter
I Ålesund blir den regionale finalen under Sparebank 1 SMN sitt årlege Næringsdriv-arrangement, i Ålesund torsdag 28. mai, i Molde under Investorkonferansen som blir arrangert av Protomore og banken onsdag 10. juni.

I tillegg er det to finalistkåringar i Trondheim og ei i Steinkjer. Den eine kåringa i Trondheim er for studentbedrifter knytt til NTNU, der også studentbedrifter frå Ålesund kan vere med. 

Del av arrangement
Både under Næringsdriv og Investorkonferansen skal konkurransedeltakarane presentere seg og ideen sin på scena før juryen avgjere kven som går til finalene.

Tema for årets Næringsdriv er "Veivalg i urolige tider", med innlegg frå mellom andre tidlegare statsminister Carl Bildt frå Sverige. 

På Investorkonferansen skal mellom andre administreande partner Jan Erik Løvik i det Moldebaserte investeringselskapet Broodstock Capital og dagleg leiar Thomas Brevik i it-selskapet Maritech fortelje om korlei Maritec blie utvikla til eit intenasjonalt selskap. 

Publisert: 14.04.2026 12:43

Sist oppdatert: 14.04.2026 12:43